Familie og barneaktivitetar
Utforsk historiske tun, kom tett på levande handverk, prøv aktivitetar, gå på oppdagingsferd og skap gode sommarminne saman. Kvart museum har sine eigne opplevingar, men felles for alle er at de kan bruke dagen i dykkar eige tempo – med aktivitetar som engasjerer både små og store.
Kom tett på levande handverk
På Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund kan de sjå tradisjonshandverk på nært hald og vere med på bevaringa av handverket. Aktivitetsløype med mulighet for å ro ein tur på fjorden, byggja eigen leikebåt, lage ditt eige reip og utforske det levande fartøyvernsenteret.
Leik og historie hand i hand
På Hardanger folkemuseum på Utne kan borna lage sitt eige perlearmband, bli med på oppgåver og leike i tunet. Gjennom sommaren kan de òg sjå baking av krotakaker, høyre folkemusikk og bli med på omvisingar som gir eit innblikk i historia til Hardanger.
I Agatunet kan fantasien få fritt spelerom. Kle dykk ut som riddarar og oppdag eit av dei best bevarte klyngetuna. Her blir historia levande gjennom leik og utforsking.
Kunst for heile familien
På Kunsthuset Kabuso kan familien oppleve skiftande kunstutstillingar i vakre omgjevnader ved Hardangerfjorden. Rett ved ligg Ingebrigt Vik museum, der born kan la seg inspirere av dei mange skulpturane og teikne sine eigne kunstverk. Kombiner gjerne museumsbesøket med ein tur i den flotte parken eller eit besøk i kaféen med utsikt over fjorden.
Eventyrlege opplevingar på Voss
På Voss folkemuseum kan de besøkje det vakre og autentiske Mølstertunet, prøve stylter, løyse oppgåver og utforske utstillinga «Utsyn mot Voss».
Ein dag fylt med opplevingar
I musea våre kan de lukte tjøre og treverk, prøve gamle leikar, høyre levande musikk, delta i aktivitetar og oppleve kulturhistoria med alle sansar. Alle aktivitetane er inkluderte i inngangsbilletten, og born under 16 år har fri inngang ved dei fleste av musea.
Blir dere svoltne så har alle musea våre kafé med salt eller søtt.

