Årets sommarutstilling i Kabuso er ved Tom Kosmo og vert vist i til og med sundag 18. september.Kosmo byr på ei stadstilpassa utstilling for Kabuso - med veggmaleri, teikningar og
Om arr.
Årets sommarutstilling i Kabuso er ved Tom Kosmo og vert vist i til og med sundag 18. september.
Kosmo byr på ei stadstilpassa utstilling for Kabuso – med veggmaleri, teikningar og skupturar.
Den kunstnarlege verda hans balanserar mellom presis realisme og overskridande fantasi, lokalisert i rom der malte landskap opptrer som scenografisk bakteppe både for betraktaren og dei øvrige verka.
Tom Kosmo har ei lang rekkje utstillingar bak seg ved mellom anna KODE , Nordnorsk kunstmuseum, Haugesund kunstforening og Norske grafikere
Kvar fredag i skuleferien bakar Vikebygd og Aga bygdekvinnelag krotakaker i bakstekjeller i Haldorsstova.Du kan sjå tradisjonsbakst i vedfyrt omn og handla nysteikte kaker direkte frå omnen. Dei startar omlag
Om arr.
Kvar fredag i skuleferien bakar Vikebygd og Aga bygdekvinnelag krotakaker i bakstekjeller i Haldorsstova.
Du kan sjå tradisjonsbakst i vedfyrt omn og handla nysteikte kaker direkte frå omnen. Dei startar omlag klokka 11 og bakar og sel til klokka 15 eller til det er tomt!