Om oss

Museet skal driva innsamling, bevaring, forsking og formidling tufta på kulturuttrykk frå fortid og samtid.
Gjennom dokumentasjon av variasjon og fellestrekk skal museet vera med på å synleggjera Hardanger og Voss lokalt, regionalt og internasjonalt.

Med utgangspunkt i rolla som samfunnsminne skal museet vera ein open møtestad der alle er velkomne til å studera, oppleva og finna utfordringar. Museet yt fagleg hjelp i museums- og kulturminnespørsmål til kommunar og frivillige i regionen.

Vårt samfunnsansvar

Våre verdiar

Truverdig

Formidling, forvalting, rådgjeving, restaurering osv. er basert på kunnskap.

Raus

Me deler kunnskapen med kvarandre i organisasjonen og eksternt med omverda.

Engasjert

Me er engasjert i faga våre, i arbeidsplassen og i lokalsamfunnet. Me vil få til noko som betyr noko for oss sjølve og for andre. Me utfordrar etablerte sanningar og er nyskapande.

Vestlandsutstillingen 2025 Utstillingsrom i Kunsthuset Kabuso med hengande tekstilar i raudtonar og treskulpturar i rommet, med store vindauge mot hagen utanfor

HVM i tal (2025):

 

 

Besøkstal

Samla besøk Per 31.12.20 Per 31.12.21 Per 31.12.22 Per 31.12.23 Per 31.12.24 Pr. 31.12.25 Endring i tal frå 2024 Endring i % frå 2024
Hardanger fartøyvernsenter 6 855 7 323 17 208 18 860 15 865 26 566 10 701 67,45 %
Hardanger folkemuseum 3 200 4 327 6 900 7 971 7 205 6 878 -327 -4,5 %
Agatunet 3 990 7 491 6 983 6 111 5 842 4 816 -1 026 -17,6 %
Skredhaugen 3 490 1 667 1 203 928 855 772 -83 -9,7 %
Kabuso 5 323 6 563 10 220 10 673 12 603 11 301 -1 302 -10,3 %
Hardanger Skyspace 445 309 497 454 356 372 16 4,5 %
Ingebrigt Vik museum 828 1 064 1 323 1 390 1 710 995 -715 -41,8 %
Voss folkemuseum 4 972 7 308 12 328 11 073 12 389 12 563 174 1,4 %
Kvam bygdemuseum Storeteigen 647 1 327 678 604 671 726 55 8,2 %
Totalt HVM 29 752 37 379 57 340 58 064 57 496 64 989 7 493 13,0 %