Kurs

Kva kurs passar for deg? Eller vil du gje bort eit kurs i gåve?

Gjennom åra har det vorte avhalde ei rekkje kurs ved musea våre; innan alt frå tre- til tekstilarbeid.
Snart vert det samla kursprogrammet for Hardanger og Voss museum 2023 publisert. Du vil finna info her på sida og m.a. på Facebook.

Dei ulike avdelingane i museet har kvar sine kompetansar dei gler seg til å dela med deg.
Velkomen på kurs!

 

Kurs 2024

Gjennomførte kurs


fast utstilling, bunad, saum

HISTORISKE KJELDER
Ons. 27. september kl. 18-21
Kvar finn me historiske kjelder, og korleis skal me bruka dei? Kan me bruka alt me finn fritt?
Instruktør:
Eirik Helleve
Pris:
600,-
Påmelding:
voss.folkemuseum@hvm.museum.no  / 474 79 794
Stad:
Voss folkemuseum

fast utstilling, bunad, saum

HARDANGERSAUM – fullt
Fre. 15.-17. september
Heilt sidan 1600-talet har kvinner i Hardanger sydd hardangersaum som ein del av den lokale draktskikken. På dette kurset lærer du å sy hardanger-saum til forkle, skjorte eller dukar.
Instruktør: Agnete Sivertsen
Pris: 4700,- / 4200,- (medl. Norges husflidslag)
Påmelding: post@hvm.museum.no / 474 79 884
Stad: Hardanger folkemuseum

fast utstilling, bunad, saum

HJELP – EG EIG EIT GAMALT HUS!
4 onsdagar, frå 27. september
Fire temakvelder kring problem-stillingar for eigarar av gamle hus. Bli trygg på vedlikehald, tiltak, støtteordningar m.m.
Instruktør:
Alexander Günther
Pris:
100,- per kveld
Påmelding:
fartoyvern@hvm.museum.no / 474 79 839
Tidspunkt: 18:00 – 19:00
Stad:
Gamlekaféen / Kinosalen ved Hardanger fartøyvernsenter

fast utstilling, bunad, saum

BRINGKLUT – fullt
Fre. 29.sept.-1.okt.
Lær å sy hjartebringklut eller holmabringklut. Ein kan og sy andre bringklutar på raudt klede, t.d. med perlenett eller med stor åttebladrose.
Instruktør: Agnete Sivertsen
Pris: 4700,- / 4200,- (medl. Norges husflidslag)
Påmelding: post@hvm.museum.no / 474 79 884
Stad: Hardanger folkemuseum

 

fast utstilling, bunad, saum

SMØYG OG SVARTSAUM – fullt
Laur. 7.- 8. oktober
Smøyg er ein svært gamal broderiteknikk, som i utsjånad liknar på veving. Sy bringklut, belte, eller svartsaum til skjorte eller kaps.
Instruktør: Kari-Anne Pedersen.
Pris: 3700,- / 3200,- (medl. Norges husflidslag)
Påmelding: post@hvm.museum.no / 474 79 884
Stad: Hardanger folkemuseum

fast utstilling, bunad, saum

SMIKURS FOR UNGDOM
Tors. 12.-13. oktober
Haustferiekurs. Er du nysgjerrig på hva smiing er? Bli med på eit todagars smikurs for unge, i haustferien!
Instruktør:
Lars Ystanes
Pris:
1000.- Kurset er støtta av Håndlag
Påmelding:
fartoyvern@hvm.museum.no / 474 79 839
Stad:
Hardanger fartøyvernsenter

fast utstilling, bunad, saum

UngOsa
27.-29. oktober
Osafestivalen og hardingfela.no ynskjer velkomne til UngOsa for 8. gong.
Helgesamlinga er unik i sitt slag, og me inviterer unge songarar, instrumentalistar og dansarar frå 7
til 18 år til å bli med oss denne helga.
For informasjon, pris og p
åmelding: hardingfela.no / osafestivalen.no

fast utstilling, bunad, saum

SNIKRE EIN KRAKK
Tors. 9., 16., 23. mars kl. 18-21
Lær å laga ein liten stol, med enkle vertøy og teknikkar, over 3 kveldar.
Instruktør: Arne Eriksen
Pris:
900,- + materialutg.
Påmelding:
fartoyvern@hvm.museum.no  / 474 79 839
Stad:
Hardanger fartøyvernsenter

fast utstilling, bunad, saum

RESTAURERING AV VINDAUGE
4 tysdagar i mars – frå 7. mars
Lær å restaurera vindauge med blysprosser eller tresprosser. Ta gjerne med eigne vindauge om du har, elles har museet vindauge ein kan jobba med
Instruktør:
Gunnar Kjerland
Pris:
1600,-
Påmelding:
post@hvm.museum.no / 474 79 884
Stad:
Hardanger folkemuseum

fast utstilling, bunad, saum

LÆR Å SMI

Fre. 5.-7. mai

Populært smikurs for nybyrjarar. Lær basisteknikkar under rettleing av smeden vår.

Instruktør: Lars Ystanes

Pris: 5600.-

Påmelding: fartoyvern@hvm.museum.no  / 474 79 839

Stad: Hardanger fartøyvernsenter

fast utstilling, bunad, saum

ÅREMAKING
Fre. 5.-7. mai
Lag dine eigne vestlandsårer! Under rettleiing av båtbyggjaren får ein laga seg eit par årer i furu, og læra både teori og historie på vegen.
Instruktør:
Peter Helland-Hansen
Pris:
6700,- 
Påmelding: fartoyvern@hvm.museum.no
/ 474 79 839
Stad:
Hardanger fartøyvernsenter

fast utstilling, bunad, saum

LÆR Å SEGLA TRADISJONSBÅT
Laur. 28.-29. mai
Vil du læra å segla med sprisegl? Her får du litt teori, og mykje segling, i opne tradisjonsbåtar. Me nyttar Hardangerfjorden som læringsarena.
Pris:
2500,-
Påmelding:
fartoyvern@hvm.museum.no/ 474 79 839
Stad:
Hardanger fartøyvernsenter