Personvernerklæring

Oppdatert: 6. desember 2024

Denne personvernerklæringa forklarer korleis me i Hardanger og Voss Museum samlar inn og brukar personopplysningar, som til dømes kontaktinformasjon og informasjon om korleis du brukar nettsidene våre. Me ønskjer å sikra at personvernet ditt vert ivaretatt, og gjev deg her ei oversikt over kva data me samlar inn, kvifor me gjer det, og korleis me tar vare på dei.

Kva slags informasjon samlar me inn?

Me samlar inn informasjon på følgjande måtar:

  • Kontaktinformasjon: Når du sender oss e-post, fyller ut eit kontaktskjema, eller melder deg på nyhendebrevet vårt, samlar me inn namn, e-postadresse og andre relevante opplysningar.
  • Teknisk informasjon: Me registrerer IP-adressa di og informasjon om eininga du brukar (til dømes mobil eller PC) for å analysere trafikk på nettsida.
  • Besøksdata: Dette er informasjon om kva sider du besøker, kva lenkjer du klikkar på, og kor lenge du er inne på nettsida. Dette hjelper oss med å gjere nettsida vår betre.
  • Betalingsinformasjon: Ved kjøp av billettar eller varer via nettsidene våre, kan me innhente betalingsinformasjon som namn, kontaktopplysningar og betalingsmetode.

Korleis nyttar me informasjonen?

Me nyttar informasjonen me samlar inn for følgjande føremål:

  • For å svara på førespurnader: Om du kontaktar oss via e-post eller kontaktskjema, bruker me informasjonen for å kunna svara deg på best mogleg måte.
  • For å sende nyhendebrev: Om du har meldt deg på nyhendebrevet vårt, brukar me e-postadressa di til å sende informasjon om aktivitetar, arrangement og utstillingar. Opplysningane vert lagra hjå oss til du vel å melda deg av.
  • For å forbetre nettsida: Teknisk informasjon og besøksdata nyttar me for å forstå korleis nettsidene våre vert brukte, slik at me kan forbetra innhaldet og brukaropplevinga.
  • Administrasjon av betalingar: For å handsame betalingstransaksjonar og sikre at betalingane dine vert gjennomført på ein trygg måte.
  • Administrasjon av arrangement: I samband med påmelding til kurs eller andre arrangement samlar me inn naudsynt informasjon som namn, kontaktopplysningar og arbeidsstad for å kunne administrere den praktiske gjennomføringa.

Kjøp i nettbutikk

Når du handlar i nettbutikken vår samlar me inn opplysningar om deg til å behandle, levere og følge opp dine bestillinger og våre leveranser. Opplysningane som samlast inn kan inkludere kontaktopplysningar som navn, kontaktinformasjon og betalingsinformasjon – i medhald av Vipps sin personvernerklæring.

Les salsføresetnadene for nettbutikken til fartoyvern.no her

Nyhendebrev

For å motta vårt nyhendebrev må du melde deg på og gje ditt samtykke ved å bruke påmeldingsskjemaet på nettsidene våre. Der oppgir du e-postadresse, namn og preferansar på kva for museum du ønskjer å få informasjon om. Når me sender ut nyhendebrevet, fører me enkel statistikk over bruken for å forbetre tenestene våre. Du kan når som helst melde deg av denne tenesta, og opplysningane blir lagra fram til du melder deg av.

Påmelding til arrangementer, aktiviteter eller omvisning

I samband med arrangement, kurs eller omvising samlar me inn nødvendig informasjon som t.d. namn, kontaktinformasjon og arbeidsstad for å administrere den praktiske gjennomføringa. Opplysningane vert sletta når dei ikkje lenger er naudsynt for formålet.

Deling av informasjon

Me deler ikkje dine personopplysningar med tredjepartar utan ditt samtykke, med mindre dette er naudsynt for å tilby ei teneste du har bede om, eller for å oppfylla juridiske forpliktingar. Me deler data med følgjande tredjepartar for spesifikke formål:

  • Make.as: Nyhendebrevtenester og lagring av e-postadresser på norske serverar.
  • Ticketco AS: Billettsal og handtering av kontaktopplysningar knytt til billettkjøp.
  • Vipps AS: Betalingshandsaming i nettbutikken, eller ved kjøp av varer i butikk.

Opplysningane blir berre delt der det er naudsynt, og me har inngått databehandlingsavtalar med alle våre leverandørar.

Bruk av informasjonskapslar (cookies)

Nettsida vår nyttar informasjonskapslar for å føre besøksstatistikk og tilpasse innhald basert på korleis sida vert brukt. Informasjonskapslane inneheld ikkje identifiserbare personopplysningar. Du kan velje å slå av eller endre innstillingane for informasjonskapslar i nettlesaren din. Du kan lese meir om korleis me behandler informasjonskapslar på denne sida : https://hardangerogvossmuseum.no/cookie-erklaering-eu/.

Søker på stillingar

Sender du søknad til oss, behandlar me opplysningane du sender inn, som namn og kontaktopplysningar, søknad, CV og andre vedlegg til søknaden. Opplysningar om søkarar vert sletta etter 12 månader, med mindre me har fått samtykke frå deg til noko anna.

Kameraovervåking

På fleire av våre museum har me kameraovervaking for å sikre bygningar, gjenstandar og besøkjande. Skilt informerer om slik overvaking der det er aktuelt. Opptaka vert oppbevarte i inntil 7 dagar. Med mistanke om ein straffbar handling kan me oppbevare opptak lengre enn dette.

Tredjeparts nettstader

Denne personvernerklæringa gjeld ikkje for tredjeparts-nettsider som kan vere tilgjengelege via lenker på våre sider. Me kan ikkje garantere at desse tredjepartane behandlar dine personopplysningar på ein påliteleg eller trygg måte. Me anbefaler deg å lese personvernerklæringane til dei aktuelle tredjepartane før du nyttar deira nettsider.

Dine rettar

Du har rett til å:

    • Få vite kva slags opplysningar me har samla inn om deg og føremålet med behandlinga.
    • Be om innsyn i kva opplysningar me har om deg.
    • Krevje retting dersom opplysningane er feil eller utdaterte.
    • Be om sletting av informasjon om deg dersom det ikkje lenger er naudsynt for det formålet me samla det inn for.
    • Begrense behandlinga: Du kan krevje at me avgrensar bruken av dine data i visse tilfelle.
    • Retten til dataportabilitet: Du kan be om at opplysningane vert overførte til ein annan tenesteleverandør.
    • Klage til Datatilsynet dersom du meiner me ikkje følgjer personvernreglane. https://www.datatilsynet.no/rettigheter-og-plikter/den-registrertes-rettigheter

Dersom du vil utøva desse rettane eller har spørsmål om personvernet ditt, kan du kontakte oss på e-post: post@hvm.museum.no.

Oppdatering av personvernerklæringa

Me kan oppdatere denne erklæringa ved behov. Ny versjon vil alltid vere tilgjengeleg på nettsida vår.

Kontaktinformasjon

For spørsmål om personvern, kontakt oss: