Forsking i Hardanger og Voss museum
Forsking har vore og er ein av dei sentrale oppgåvene i musea sitt samfunnsoppdrag, og det viser att i nasjonale og internasjonale museumsdefinisjonar.
I den siste museumsmeldinga vert det slÃ¥tt fast at «Forsking er ein del av musea si kjerneverksemd. Kulturdepartementet legg til grunn at alle musea med driftstilskot frÃ¥ departementet legg til rette for, og sjølve utfører, forsking. OgsÃ¥ ICOMs museumsdefinisjon legg til grunn at musea er institusjonar som skal forska» (Musea i Samfunnet, Stortingsmelding 23 (2020-21).
Museet har som ambisjon å prioritera forskingsinnsatsen sin dei komande åra.
Under kan du sjå dei pågåande og aktuelle forkningsprosjekta me har i Hardanger og Voss museum (HVM). Vil du lese meir om korleis med jobbar med forskning i HVM kan du lese forskingsplanen vår.
PÃ¥gande/ aktuelle fornkningsprosjekt
Forsking på folkekultur og folkekunst
Skautfelling
Saman med Folgefonn husflidslag og Ringøy og Bu bygdekvinnelag jobbar Hardanger folkemuseum/ Hardanger og Voss museum for å vidareføra kunnskapen om korleis ein lagar skaut til hardangerbunaden. Teknikken er svært komplisert, og har truleg vore nytta sidan mellomalderen, berre i Hardanger. Planen er at handverket skautfelling skal forvaltast i museet på line med andre handverk me tek ansvar for.
Forsking er ein viktig og naudsynt del av prosjektet. Agnete Sivertsen arbeider no med ein artikkel om skautfelling, som skal til fagfellevurdering. I samband med dette vert tidlegare innsamla kunnskap om skaut og skautfelling gjennomgått, inkludert dokumentasjonsfilmar, foto samt ulike skriftlege kjelder. Dette vert både nytta som materiale til artikkelen og som kjelder i den praktiske læreprosessen.


Kroting
Dekorteknikken kroting er knytt til r¯ykstovene i Hardanger og delar av Vestlandet. Ved Hardanger folkemuseum har me eit prosjekt der denne teknikken vert utforska. I perioden har me sÊrleg fokus p krot fr Langasete, Arna, Sotra og Nordhordland. Anne Lise Brask Eriksen har nyleg publisert eit hefte om kroting, som i planperioden ogs skal publiserast p engelsk. Ho jobbar og med  ferdigstilla ein fagfellevurdert artikkel.

Utvandringa frå Voss til USA
I 2024 skal Eirik Helleve skriva bok om utvandringa frå Voss til USA. Dette vert den fyrste samla framstillinga av utvandringa frå Voss, frå 1836 til i dag. Helleve har permisjon frå museet i tre månader, og reiser då mellom anna til USA for å samla inn stoff. Han legg òg inn opphald ved relevante arkiv og museum i Noreg. Boka kjem ut på Fonna Forlag, og skal vera ferdig til 1. desember 2024.
Vossaduken
Helena Kjepso jobbar med eit prosjekt som handlar om ein kring fire meter lang mellomalderduk som er utstilt på Voss folkemuseum. Det er teke C14-prøvar av duken, og desse syner datering mellom 1440 og 1620. Godt bevarte tekstilar av så høg alder er sjeldne. Det er framleis ein del opne spørsmål kring tilverking, opphav og bruk som skal studerast nærare.
Forsking på maritim kultur
Ferjekultur
Då bilferga Folgefonn kom i Hardanger og Voss museum sitt eige starta me eit dokumentasjonsarbeid som tok utgangspunkt i denne ferja, men som har utvikla seg til eit noko breiare dokumentasjonsarbeid om ferjekultur på Vestlandet.
Me har intervjua ein del folk som har/har hatt yrkeslivet på ferja. Ut over dette har me intervjua folk i ferjekøar og sendt ut ei spørjeliste i samarbeid med NEG (Norsk Etnologisk Gransking) om folks ferjebruk. Me vil fortsetta Kilde sanking. Heidi Richardson har med utgangspunkt i dette materialet som mål å skriva to–tre fagfellevurderte artiklar om temaet. Den fyrste kjem i l¯pet av 2023, og vert publisert i Norsk museumstidskrift.
Gaffelriggeprosjektet
Bakgrunnen for gaffelriggprosjektet er å samla inn og systematisera utdøyande kunnskap om oppbygging og bruk av den tradisjonelle gaffelriggen. I prosjektet skal det forskast på materialar og handverk i gamle riggdelar, før prosjektmedarbeidarane gjer prosessautentiske rekonstrueringsforsøk. Prosjektet gjennomfører også eit årleg seminar der målet er å ivareta handlingsboren kunnskap gjennom segling med gaffelrigg. Prosjektet har planar om fleire publikasjonar, den fyrste kom i november 2023.
Jaktefarten
Jaktefarten var ei viktig næring i Hardanger. Med utgangspunkt i ulike kjelder (intervju med folk som segla jakter i mellomkrigstida, loggbøker og andre skriftlege kjelder) held Heidi Richardson på med Formidlingsplan 2023-2026 ein artikkel om jakteskipperen og hans kunnskap og relasjon til landskap og natur. Målet er å publisera ein fagfellevurdert artikkel i magasinet Maritime perspektiv i 2024 eller 2025.
Kyrkjebåttradisjonar i Hardanger
Framleis ligg det en del kyrkjebåtar i naust langs Hardangerfjorden. Me ynskjer å ta vare på kunnskapen knytt til bygging og bruk av desse båtane. Peter Helland Hansen jobbar med kartlegging av kvar det finst slike båtar, med oppmåling og dokumentasjon, og dessutan innsamling av foto og minnemateriale knytt til desse båtane. Målet med dette forskingsførebuande arbeidet er å skaffa godt med kunnskap og materiale slik at me kan leggja grunnlag for nybygging/kopibygging av slike båtar. Målet er å skriva ei kulturhistorisk orientert bok/hefte med utgangspunkt i denne tradisjonen.
Forsking på kunst, arkitektur og samtidskultur
Ingebrigt Vik
Kabuso og Ingebrigt Vik museum planlegg Ã¥ fÃ¥ publisert ein nyskriven artikkel om kunstnarskapet til Ingebrigt Vik innan 2025. Wim van den Toorn har fÃ¥tt stipend frÃ¥ prosjektet «forskingsinfrastruktur for musea i Vestland», og kan med det avsetta tid det næraste Ã¥ret.Â
Samlingsbygget, Voss folkemuseum
Via eit djupdykk i arkivet arbeider Tora Lie Brunborg med ein artikkel om samlingsbygget på Voss Folkemuseum og arkitekten bak, Dag Mossige. Bygget var ferdig i 1982 og opna for publikum i 1985. Konstruksjonen, som er ført opp i betong og støypt med justert forskaling med ståande og liggande kledning, gir fasadane både djupne og spel, med klare referansar til Mølstertunet. Det kan bli aktuelt å laga eit informasjonshefte om bygget, tilsvarande dei andre hefta i skriftserien til Voss folkemuseum.
Utstillingsprogrammet 2018–23
Sissel Lillebostad arbeider med ei skisse til ein evaluerande tekst om utstillingsprogrammet i perioden 2018–23, med fokus på utstillingane utvikla spesielt for Kabuso. Me ynskjer å sjå på overordna tema, med dei kuratoriske vala og dei ulike utstillinganes påverknad på programmet i si heilskap.
Opplevingar i verkstadar
Med utgangspunkt i intervju med museumsbesøkande om deira opplevingar i verkstadar ved HFS og med inspirasjon frå nyare museologi har Heidi Richardson plan om å skriva ein forskingsartikkel til magasinet Norsk museumstidskrift. Materialinnsamling sommaren 2023, publisering i 2024 eller 2025.
Hardingfela.no
På folkemusikkfeltet jobbar museet saman med Ole Bull akademiet med satsinga Hardingfela.no. Her går det føre seg mykje metodeutvikling og utprøving, men og samtidsdokumentasjon saman med Hardanger folkemusikksamling, og djupdykk i springartradisjonane i Vestland. Målet for planperioden er at eit av områda Hardingfela.no jobbar med skal utviklast til eit forskingsprosjekt.