Miljø og berekraft
Slik jobbar me med miljø og berekraft
Oppdatert 23. september 2026.
Målet er at musea i Hardanger og Voss museum (HVM) gjennom eiga drift, fagleg arbeid og formidling skal bidra til økonomisk, sosial og miljømessig berekraftig utvikling.
Stiftinga Hardanger og Voss museum og Hardanger fartøyvernsenter har vore Miljøfyrtårn-sertifisert sidan 2011 og vart da sertifisert med to sertifikat for to ulike bransjar. Før resertifisering i 2024 vart det klar at HVM måtte ha eigne sertifikat på alle avdelingar med meir enn fem tilsette. Frå hausten 2024 fikk Voss folkemuseum, Hardanger folkemuseum og Kunsthuset Kabuso si eigen sertifisering. Me har no fire sertifikat i to bransjar. Fordelen med dette er at me får god innsikt i klimafotavtrykket vårt.
Ein sertifisering gjennom Miljøfyrtårn betyr at me vert kontrollert på og må følgje strenge krav til:
- arbeidsmiljø
- innkjøp
- energi
- transport
- avfall
- utslipp
- estetikk
Kva me har gjort
Ein viktig del av miljøarbeidet vårt handlar om å redusere energibruk og utslepp knytt til transport og reiser. Fleire av avdelingane våre har gjennomført tiltak for å redusere energiforbruket.
Ved Voss folkemuseum har ENØK-tiltak gitt ein betydeleg reduksjon i straumforbruket. Energibrønnar og væske-vatn-varmepumpe er blant dei viktigaste tiltaka.
I Kunsthuset Kabuso er det meste av belysninga skifta til LED. Det er også installert ei eiga fukt- og temperatureining for flygelet, slik at behovet for oppvarming av heile konsertsalen blir mindre.
Det nye publikumsbygget ved Hardanger fartøyvernsenter er bygd med tanke på lågt energiforbruk og låge utslepp. Bygget har energibrønnar, varmepumpe og solcelleanlegg, og det er brukt mykje treverk. På området er også levekåra for fisk, insekt og anna liv i bekken betra. Her gyter sjøaure, som er truga i Hardangerfjorden.
Me arbeider også med å rydde og systematisere både digitale og analoge lager, slik at materialet blir meir oversiktleg og lettare tilgjengeleg.
