Bli med på omvising
I sommar kan du bli betre kjend med historia, handverket og tradisjonane ved musea våre. På omvising får du meir ut av besøket, med forteljingar og fagkunnskap frå formidlarane våre. Omvisinga er inkludert i inngangsbilletten.
Agatunet
Bli med inn i det freda klyngetunet og høyr meir om historia, husa og livet i tunet. Omvisinga inkluderer mellom anna Lagmannsstova som til vanleg er stengt for publikum.
Omvising kvar dag kl. 12:30 og 14:00.
Hardanger folkemuseum
På høgda ovanfor Hardanger folkemuseum ligg det idylliske museumstunet, forma som eit klyngjetun slik det kan ha sett ut før utskiftinga på slutten av 1800-talet. Her er det samla verdifulle bygningar frå Hardanger, slik som stover, buer, stabbur, løer og eldhus. I juli kan du få omvising i tunet i tre dagar i veka. Avslutt omvisinga med folkemusikkonsert.
Tidspunkt for omvising i juli:
Tysdagar: kl. 12:00 og 13:00
Onsdagar: kl. 12:00 og 13:00
Fredagar: kl. 12:00 og 13:00
Omvisinga vert avslutta med konsert
Hardanger fartøyvernsenter
Opplev eit levande maritimt museum med tradisjonshandverk, båtbygging, reipslaging og restaurering av historiske fartøy.
Omvising kvar dag kl. 13:00 i sommarsesongen.
Voss folkemuseum
Opplev nok eit freda klyngetun med fantastisk utsikt over Vossevangen.
Omvising kvar time
Spørsmål og svar om omvising
Er omvising inkludert i inngangsbilletten?
Ja, omvisinga er inkludert i inngangsbilletten ved musea som har faste omvisingar.
Må eg bestille omvising på førehand?
For vanlege omvisingar treng du som regel ikkje å bestille på førehand. Møt opp på museet til oppsett tidspunkt. For grupper må omvising tingast på førehand.
Passar omvisinga for familiar med barn?
Ja, omvisingane passar for både vaksne og familiar med barn. Innhaldet kan variere noko frå museum til museum.
Kor lang tid tek ei omvising?
Varigheita varierer mellom musea, men ei vanleg omvising varer ofte mellom 30 og 60 minutt.
Kan grupper bestille eiga omvising?
Ja, grupper kan ta kontakt med museet for å bestille eiga omvising. Det kan også vere mogleg å tilpasse innhald, tidspunkt og språk etter avtale.

