mai 2021

lau08mai(mai 8)00:00sun06jun(jun 6)00:00Vestlandsutstillingen 2021(mai 8) 00:00 - (juni 6) 00:00

Om arr.

I perioden 8. mai til 6. juni – når Hardanger er på sitt vakraste – kan du gjerne legga turen til Øystese.
Her kan du oppleva meir av alt det gode regionen har å by på, i form av den årlege Vestlandsutstillingen i Kunsthuset Kabuso.
Vestlandsutstillingen syner verk av kunstnarar som er tilknytt Vestlandet. Utstillinga turnerer vestlandsfylka og skal visa fram samtidskunst av høg kvalitet.

Årets utstilling
Utstillinga viser 31 verk av 16 kunstnarar som på ulike vis er tilknytt Vestlandet. Alle verka er unike og rommar si eiga historie, men gjennom å bli plasserte i ei utstilling saman med andre verk blir meiningar forsterka eller endra. Dette spelar kurator Heidi Bjørgan (f.1970) medvite på i utforminga av utstillinga.

Bjørgan jobbar med å iscenesette kunstverka i høve til kvarandre for å skape ei underfundig stemning der venleik og uhygge går hand i hand, og ho trekkjer parallellar mellom filmregissøren David Keith Lynch (f.1946) sitt visuelle filmspråk og sine eigne prosjekt som kurator.

Publikum vil møte ei utstilling der både død og elende kan lure under perfekte overflater, samstundes som noko vakkert kan gøyme seg i det som ser forderva og øydelagt ut. Bjørgan inviterer kvar einskild utstillingsgjest til å vere ein aktiv medskapar i dei historier som Vestlandsutstillingen 2021 kan fortelje.

Deltakande kunstnararar:
Kristina Aas / Karina Presttun, Kristin Austreid, Æsa Bjørk, Helene Førde, Mona Orstad Hansen, Tina Jonsbu, Tom Kosmo, Gabriel Johann Kvendseth, Cato Løland, Irene Nordli, Tovelise Røkke-Olsen, John K. Raustein, Siri Ekker Svendsen, Kristin Tårnesvik, Brynhild Grødeland Winther

Om kurator:
Heidi Bjørgan (f.1970) har MA i keramisk kunst, samt Skapende kuratorpraksis frå Kunsthøgskolen i Bergen. Ho har bidrege til ei fornying av diskursen knytt til kunsthandverk i norsk samanheng, både gjennom sitt arbeid som kunstnar, og gjennom si verksemd som kurator. Ho var med på å starte galleri/prosjektrommet Temp i Skottegaten i Bergen (2000-2002). Bjørgan har blant anna vore kurator for utstillingar ved Rogaland Kunstsenter, Galleri F15, Hordaland kunstsenter og Galleri Format. For KODE har ho kuratert den internasjonale utstillinga Thing Tang Trash og Signert Inger Waage. Heidi Bjørgan var også medkurator for den store mønstringa av Norsk og kinesisk kunsthandverk Beyond g(l)aze som vart vist både på Suzhou Jinji Lake Art Museum i Kina og på KODE. Ho var også medkurator for utstillinga KREFTER – Dyrdal Kvasbø Tingleff på KODE (2019).

Historie
Vestlandsutstillingen er den eldste landsdelsutstillinga, og vart for fyrste gong vist på Bergen Kunstforening i 1922. Det har sidan byrjinga vore ei juryert gruppeutstilling med fri innsending.

I byrjinga bestod juryen av 5 kunstnarar som var valt av biletkunstnar-organisasjonane, men har sidan 1998 bestått av 1–3 inviterte kuratorar. Formålet med utstillinga er å arrangere ei årleg utstilling med verk av kunstnarar som har tilknytting til Vestlandet. Utstillinga skal vise fram samtidskunst av høg kvalitet som speglar den vestlandske kunstscena slik den føregår i lokale, nasjonale og internasjonale kontekstar ut mot resten av landet.

Vestlandsutstillingen er ei foreining som er eigd av sine medlemmer frå kunstnarorganisasjonane Bildende Kunstneres Forening Hordaland, Bildende Kunstneres Forening Møre og Romsdal, Bildende Kunstneres Forening Sogn og Fjordane, og Bildende Kunstneres Forening Rogaland, samt Kunsthuset Kabuso, Stiftelsen Kulturkvartalet, Kunsthall Stavanger, Haugesund Kunstforening, Kunstgarasjen og Sunnfjord Kunstlag.

Turneen vert støtta av fylkeskommunane Møre og Romsdal, Rogaland og Vestland

 

>>> Sjå nettstaden til Vestlandsutstillingen

Tid

Mai 8 (Laurdag) 00:00 - Juni 6 (Sundag) 00:00

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Hardanger og Voss museum

Administrasjon:
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Sosiale media

Følg oss gjerne på sosiale medier!

Hardanger and Voss museum

Administration:
Museumsvegen 36, Utne
Tel: +47 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Opening hours

Visit each museum's website for opening hours

Social Media

Follow us on Facebook and Instagram!

X