Avlyst: UNNI WILHELMSEN & STEINAR RAKNES

lau26mar20:00Avlyst: UNNI WILHELMSEN & STEINAR RAKNESLaurdagskonsert i kafeen!20:00(GMT+00:00)

Om arr.

Denne konserten er diverre avlyst

Oppdatert 17. mars
____________

Bassist, låtskrivar og vokalist Steinar Raknes er på vegen med Unni Wilhelmsen, og dei har sett saman eit variert, nydeleg og sterkt repertoar. Unni og Steinar har begge uttrykksfulle stemmer, og kontrasten mellom dei to gjer at dei utfyller kvarandre på ein heilt spesiell måte. Gjennom ei rekke konsertar har dei utvikla eit fantastisk samspel, og med Raknes’ både akustiske og elektriske kontrabass-sound blir konsertane unike og spanande.

Raknes og Wilhelmsen har samarbeidd før, samt i forbindelse med Raknes’ prosjekt STILLHOUSE – der han syng og spelar kontrabass. Kontrabass er det eineste instrumentet på scena. Men Raknes trakterer instrumentet som eit orkester i seg sjølv. Han har ein spelestil der han nyttar fingerspelteknikkar som gjer at instrumentet fungerer både som gitar og bass. I tillegg tek han i bruk elektriske gitar-effektar og looping av både bass og stemmer. Dette er ein konsert som varierer mellom det nære, intime og akustiske, – til store lydbilder med fullt rocke-trøkk.

Repertoaret er i hovudsak låtar skrive av Raknes, frå dei fire utgivelsane i STILLHOUSE-serien, med vekt på dei siste platene «Chasing The Real Things» (2018) og «On The Road» (2020). I tillegg presenterer dei fengande og særeigne coverversjoner av artistar som Bruce Springsteen, Bob Dylan og Depeche Mode.

Billettar på nett

>>> KJøp