Handboren og veggfast

lau07okt(okt 7)00:00lau30des(des 30)00:00Handboren og veggfastUtstilling

Om arr.

Ă…rets siste utstilling i Kabuso har fĂ¥tt tittelen Handboren og veggfast og har teikning som tema.
Verk av Imi Maufe, Per Dybvig, Susanna Kajermo, Xueting Yang, Tord Torpe og Kristen Keegan.
Utstillingsperiode: 7. oktober-30. desember. Merk at 28. oktober vert ikkje filmane til Per Dybvig og Tord Torpe vist grunna arrangement i konsertsalen.

Om utstillinga:
I Handboren og veggfast ynskjer Kabuso Ă¥ sjĂ¥ nærare pĂ¥ analoge medium som kunstnarbøker, animasjonsfilmar, teikneseriar og veggteikningar. Me søkjer Ă¥ vise nokre fĂ¥ av moglegheitene som ligg i materialet, i teikninga og kunstnarboka sitt store mangfald. Samstundes vil me strekkje opp eit spenn mellom det vesle (handborne) og det store (veggfaste) formatet. Tanken bak er mellom anna Ă¥ inspirere deg til Ă¥ gle deg over dei nærast uendelege moglegheitene som ligg i bok og vegg – med papir, kritt, tusj, litt maling, saks og gardintrapp – og prøve det ut i verkstadar utforma av kunstnarane i prosjektet.

Deltakande kunstnarar:

Per Dybvig bur og arbeider i Berlin og Stavanger. Dybvig utforskar teikning gjennom ulike format, teknikkar og uttrykk. Sentralt i kunstnarskapen hans stĂ¥r store landskap i blekk og nyhende-teikning pĂ¥ papir. Dybvig publiserer eigne biletbøker og han arbeider som illustratør med nokre av landets leiande forfattarar.  Praksisen har i seinare tid vakse til Ă¥ omfatte skulptur og animasjon. I utstillinga viser me eit utval teikningar frĂ¥Â  tre av hans stop-motion-animasjonsfilmar parallelt med at filmane vert vist pĂ¥ stort lerret i konsertsalen. 

Susanna Kajermo bur og arbeider i Sverige. Ho har utdanninga si frĂ¥Â  Gerlesborgsskolan i Stockholm og Kunsthøgskolen i Bergen. Kajermo skapar detaljerte teikningar og kollasjar i forskjellige format. Motiva er bĂ¥de realistiske og med drag frĂ¥ det mytiske, med slektskap til surrealismen sine forskyvingar av røynda. Ho har ogsĂ¥ laga illustrasjonar, som i boka Hauk av Sivert Nesbø og Kajermo (2019), og boka PĂ¥ ei trapp i universet: dikt av Marit Kaldhol (2022). I utstillinga viser ho teikning og ein kortstokk som ogsĂ¥ kan spelast med.  

Kristen Keegan er ein kanadisk kunstnar med mastergrad i kunst frĂ¥ KMD, Bergen. Ho bur i Bergen og arbeider med maleri, installasjonar og publikasjonar. Keegan utforskar abstraksjonar av farge, til dømes gjennom Ă¥ nytte flytande farge og voks pĂ¥ tekstil. Dei siste Ă¥ra har ho hatt separatutstillingar ved Tekstilindustrimuseet (Salhus, 2022), LNM (Oslo, 2021), Konstepidemin (Gøteborg, 2021) og Hordaland kunstsenter (Bergen, 2019), og verka hennar blei vist pĂ¥ Ă…rsutstillingen 22 pĂ¥ Drammen museum. Keegan er innkjøpt til samlingar i Canada, USA og Norge, inkludert Universitetet i Bergen (KMD bibliotek) og KODE museum. I utstillinga viser ho tekstile verk som leikar med dei optiske og taktile moglegheitene i bokformatet.

Imi Maufe arbeider med grafikk, bøker, tekst, installasjonar, interaksjonar og dokumenterer eigne reiser og kvardagsopplevingar. I 2013 var Maufe med pĂ¥ Ă¥ etablere Codex Polaris for kunstnarar som arbeider med bøker i Norden. Maufe er representert i internasjonale og private samlingar, har ein mastergrad i multidisiplinær grafikk frĂ¥ The University of the West of England, Bristol. Eit av verka hennar i utstillinga er bygd pĂ¥ ein serie observasjonar av ulike skilt og symbol funne under ei vekes opphald i Ă˜ystese.o teikning og ein kortstokk som ogsĂ¥ kan spelast med.  

Tord Torpe har mastergrad frĂ¥ Kunst- og designhøgskolen i Bergen. Han har deltatt pĂ¥ fleire utstillingar, sist i Jakta pĂ¥ Makta, Stortinget (2023), Avistegnernes Ă¥rskavalkade pĂ¥ Stortinget (2022), og pĂ¥ Tegnerforbundet i Oslo (2019), der han viste utdrag frĂ¥ teikneserieboka Kjøt (Magikon 2018). Boka fekk gull i kategorien teikneserier ved prisutdelinga Ă…rets Vakreste Bøker 2019. Torpe har ogsĂ¥ vist animasjonar pĂ¥ festivalar i Noreg, Skottland og Kina. Han er aktiv som illustratør i norske aviser, som BT og Morgenbladet. I utstillinga kombinerer han teikning rett pĂ¥ vegg med innramma teikningar. 

Xueting Yang er ein kinesisk teikneserieskapar og illustratør som no bur i Oslo. Ho debuterte med teikneserieboka Et annet sted i 2014, der ho skildrar det Ă¥ flytte til Noreg. Yang hentar inspirasjon bĂ¥de frĂ¥ klassisk kinesisk illustrasjon og frĂ¥ ein vestleg tradisjon. Et annet sted fekk Kulturdepartementets teikneseriepris og sølv i Ă…rets vakreste bøker. I utstillinga viser me utdrag frĂ¥ teikneserien Kjøkken, hennar siste bok publisert i 2022. I Kjøkken vekslar sjangrane mellom sosialrealisme og burlesk magisk realisme, og boka vant gull i Ă…rets vakreste bøker. 

Tid

7. okt. 2023 00:00 - 30. des. 2023 00:00(GMT+00:00)