Det er eit repeterande arrangement

Spesialomvisingar i tun og utstillingar

ons04okt(okt 4)13:00ons13des(des 13)14:30Spesialomvisingar i tun og utstillingar(okt. 4) 13:00 - (des. 13) 14:30(GMT+00:00)

omvisar, gamalt hus, mange eldre nøklar, kvinne i raud genser

Om arr.

Kvar onsdag utover hausten vert det spesialomvisingar på museet kl 13. Me set av meir tid, går inn i fleire hus på tunet og snakkar meir om dei ulike delene av den nye basisutstillinga Utsyn mot Voss. Kva veit me om hovudverket Ridande vossabryllaup? Kva med felekassen frå 1512 eller dei utvalde vossingane? For eksempel. Det vert rom for samtalar og spørsmål undervegs i runden.

Du treng ikkje tinga på førehand berre møt opp ein onsdag i haust kl 13 og heng deg med. Kafeen er open om du får lyst på kaffi og lappar før eller etter omvisinga.

Ordinær billettpris Vaksen 115 / student 65 /born under 15 gratis.

Hjarteleg velkomen!

Tid

Okt. 4 (Onsdag) 13:00 - Des. 13 (Onsdag) 14:30(GMT+00:00)