Sleppefest + konsertar

fre22sep(sep 22)18:00lau23(sep 23)07:30Sleppefest + konsertarKristin Bolstad / Hardanger Skyspace18:00 - 07:30 (23)(GMT+00:00)

Om arr.

Denne helga står i musikken og Hardanger Skyspace sitt teikn, med albumlansering i Kabuso og framføring av Kristin Bolstad sitt verk Kveld i sjølve lysverket fredag 22. september.
(og ja, det er også mogleg å bli med på ein Drink & Draw kl 19 denne kvelden). Laurdag 23. september vert det også høve til å oppleva verket Morgon same stad.

PROGRAM
Fredag 22. sept:

Kl 18, Kabuso kafé: Lansering av albumet Morgon og Kveld (gratis inngang)
Kl 19.30: Frammøte i Hardanger Skyspace for verket Kveld
Kl 19.41: Konsertstart. Varigheit: 45 min.
Laurdag 23. sept:
Kl 06.30: Frammøte for konserten Morgon
Kl 06.34: Konsertstart. Varigheit 41 min.

>>> Kjøp billett til Kveld
>>> Kjøp billett til Morgon


MORGON og KVELD
er opphavleg to stadspesifikke verk for 3 vokalistar og James Turrell sitt lysverk Hardanger Skyspace i Øystese. Komponist er Kristin Bolstad. Medverkande vokalistar er Eira Huse, Linnea Casserly og Bolstad sjølv.
MORGON og KVELD fungerer som speglingar av kvarandre, der det eine verket startar der det andre sluttar, og omvendt. I samanheng vert dei to verka som ein syklus utan ein klar start eller slutt. Verka har ein kontemplativ karakter og søkjer reflektera lyset sin syklus gjennom demring og skumring, og den evige repetisjonen av det å vakna til liv og gå til ro. Langsame endringar er berande for verka og kan på mange måtar minna om ein lydleg meditasjon, slik også Hardanger Skyspace fungerer som ein meditasjon over lyset.
Hardanger Skyspace har som formål å la deg få sjå på himmelen ved soloppgang og solnedgang. Gjennom ei ellipseforma opning i taket ser ein opp på himmelen og korleis lyset endrar seg gjennom demring og skumring, medan skiftande fargar inni rommet manipulerer opplevinga av det ein ser. Hardanger Skyspace inviterer til ei kontemplativ oppleving, men stiller samstundes spørsmål ved vår eiga persepsjon gjennom synsbedraga som oppstår i møtet med lysverket.MORGON og KVELD vart urframført i Hardanger Skyspace i samband med haustjamdøger, september 2022. I konsertversjonen følger verka soloppgang og solnedgang, slik også lysverket i Hardanger Skyspace gjer, og lengda på verka endrar seg dermed i takt med lengda på soloppgang og solnedgang gjennom året. Innspelinga er derimot blitt gjort i studio, og verka har i tillegg vorte omarbeidd og tilpassa eit kortare, meir låtbasert og albumvenleg format, med tanke på utgjeving.

Tid

22 (Fredag) 18:00 - 23 (Laurdag) 07:30(GMT+00:00)

Billettar på nett

>>> KJøp

Sjå hending på Facebook

>>> Sjekk ut