juni 2021

ons16jun11:00ons17:50SesongopningMed ny basisutstilling11:00 - 17:50

Om arr.

Den nye basisutstillinga på Voss folkemuseum, Utsyn mot Voss, står ferdig til sesongopninga 16. juni. 
Denne dagen held huset ope kl 11-17 og det vert det gratis inngang og kaffi og kake til alle. Korte omvisingar kvar heile time.

Utstillinga fortel historia om Voss dei siste 500 åra, og er eit resultat av mange års arbeid. Museet har henta fram mange godbitar frå samlingane sine, og har i tillegg lånt inn ei rekkje gjenstandar frå andre.

Utstillinga opnar med ein presentasjon av det gamle bondesamfunnet. På vegen vidare gjennom historia er der to store vendepunkt – opninga av Vossebanen i 1883, og den andre verdskrigen. I utstillinga vil du mellom anna møta mange enkeltpersonar som har prega lokalsamfunnet gjennom desse åra, du vil høyra opptak med mange av dei beste musikarane frå bygda, og du vil sjå filmar frå Ekstremsportveko. Det heile vert presentert på ein ryddig og innbydande måte, og utstillinga er laga av Bergens-firmaet Vill.

Illustrasjon: Skisse til basisutstilling

 

Tid

(Onsdag) 11:00 - 17:50

Stad

Voss folkemuseum

Mølstervegen 143, 5705 Voss

Sjå hending på Facebook

>>> Sjekk ut

Hardanger og Voss museum

Administrasjon:
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Sosiale media

Følg oss gjerne på sosiale medier!

Hardanger and Voss museum

Administration:
Museumsvegen 36, Utne
Tel: +47 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Opening hours

Visit each museum's website for opening hours

Social Media

Follow us on Facebook and Instagram!

X