Knut Reiersrud & Geir Sundstøl
lau20feb19:0020:15Knut Reiersrud & Geir Sundstøl
Om arr.
Laurdag 20. februar kl 19 REIERSRUD OG SUNDSTØL HYLLAR DEN BRITISKE POPENS STAMFAR Stjernegitaristane Knut Reiersrud og Geir Sundstøl har kjent kvarandre i over 35 år. Likevel har dei
Om arr.
Laurdag 20. februar kl 19
REIERSRUD OG SUNDSTØL HYLLAR DEN BRITISKE POPENS STAMFAR
Stjernegitaristane Knut Reiersrud og Geir Sundstøl har kjent kvarandre i over 35 år. Likevel har dei to strengemeistrane nesten aldri spelt saman. Berre på ei og anna plateinnspeling for andre artistar.
No har dei to møttest for firhendig gitarmagi og utgjeving av album. Ei overrasking var det kan henda at dei to gitaristane har valt å basera musikken på verka til den engelske barokkkomponisten Henry Purcell. Servile gitarduettar, framførte med fotskammel og sjakett, blir det likevel ikkje.
Her får me frimodig improvisasjon og avstikkarar til det ville vesten, den indiske mystikken og den svenske synda.
Reiersrud og Sundstøl har begge ei lang historie med å bearbeida musikalske verk:
Franz Schubert, John Coltrane, L. V. Beethoven og David Bowie har alle gått gjennom den musikalske kverna til dei to herrane.
No er det altså musikken til Henry Purcell som står i fokus. Kvifor treng verda ei «Knut og Geir vrir om på Purcell»-plate?
Lat oss svara litt pompøst, slik dei likte det på 1600-talet:
Musikken til Purcell har ei heilt eiga emosjonell djupn. Verka er ofte storslått arrangerte for store orkester. Samstundes har dei ei djupn som mellom anna har skapt nokre av dei sterkaste augneblinkane i filmmusikken.
Det er denne djupt menneskelege og varmande kjernen i tonespråket dei to ønskjer å formidla med gitarane sine. Gjennom tolkingane til Reiersrud og Sundstøl er det som om ein anar røtene til den britiske popmusikkens universelle kvalitet.
Kombinert med det faktum at begge musikarane tidleg hamna i den afrikanske og amerikanske musikkgryta, ligg alt til rette for uhøyrd og kosmisk strengemagi på scena.
Løgn:
Knut og Geir er to strålande musikarar. Det mange ikkje veit, er at dei òg er ivrige fridykkarar. På ein av dei mange dykketurane sine, på 12 meters djupn, fann dei ei samling steinkaker, eller 78-plater. Samlinga bestod hovudsakleg av musikk av Henry Purcell. Knut og Geir tok dette som eit teikn!
Dårleg hugs:
Knut Reiersrud og Geir Sundstøl er fødde i kvar sin ende av sekstitalet. Dei høyrer til den siste generasjonen som lærte seg å spela på eiga hand.
For barn var syttiåra den siste stille tida. I tidsrommet mellom skuleslutt og middag skapte ein seg ein fristad.
Nokre sparka ball på løkka. Andre spelte kornett i det lokale korpset. Knut og Geir øvde gitar på guterommet.
Musikkundervisning var for familiar med ambisjonar innan klassisk musikk.
For Knut og Geir var det viktigaste å trykkja på gitarhalsen der det låt bra. Ofte i samklang med platespelaren. Begge føretrekte å spela oppover halsen. På éi streng om gongen. Det fungerte ofte best saman med folkeleg musikk, slik det ofte snurra på platetallerkenen.
Dette er ein meir tungvint metode enn å la handa fyka opp og ned i same posisjon på gripebrettet. Han skapar meir friksjon. Akkurat som når du stryk fyrstikka langs stripa på ei fyrstikkøskje.
Det er nettopp denne friksjonen, eller varmen, som bidreg til å gjera ein Reiersrud & Sundstøl-konsert til ei unik oppleving!
