okt. 2021

sun03okt18:00sun19:30PerleskumFolkemusikk / Jazz18:00 - 19:30

Om arr.

Sundagkveld med Jorun Marie Kvernberg & co i Kabuso – hald av 3. oktober for desse fire jazz- og folkemusikarane!

Perleskum er:
Jorun Marie Kvernberg (fele, hardingfele, song, komponist)
Unni Boksasp (folkesong, harpeleik)
Lars Andreas Haug (tuba)
Dag-Filip Roaldsnes (piano)

To folkemusikarar og to jazzmusikarar leikar seg med nye tonar til Vinje sine evig unge ord, og har med seg eit spildrande nytt album. Tuba-virtuosen Lars Andreas Haug ertar den kvikke nordmørs-stemma Unni Boksasp opp i nye høgder. På svarte og kvite loddar Dag-Filip Roaldsnes djupet, medan komponist og felespelar Jorun Marie Kvernberg auser på og opp og fram med boge og streng.

Dei ettertrakta musikarane har kvar for seg og i ulike konstellasjonar mangfaldige plateutgjevingar, fleire Spellemannprisar og ei imponerande merittliste.

Perleskum spring ut frå tingingsverket «På geitevis», som var tinga av Førdefestivalen 2018.

>>> Sjå nettsida for Perleskum
>>> Perleskum på Spotify

Tid

(Sundag) 18:00 - 19:30

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Billettar på nett

>>> KJøp

Sjå hending på Facebook

>>> Sjekk ut
X