Opning kulturskuleutstillinga 2023

sun11jun12:00sun13:00Opning kulturskuleutstillinga 2023Elevutstilling kunstfag12:00 - 13:00(GMT+00:00)

Om arr.

Elevutstilling i Johanskjellaren i Agatunet 11.6.23 klokka 12!

Nok ein gong er me klare for utstilling laga av kulturskulen!

Kunstfagelevane i Ullensvang kulturskule viser i år eit utval arbeid som er laga gjennom skuleåret 2022-23. Dei stiller ut teikningar i tusj og blyant, små akvarellar, maleri i akryl og skulpturar.  Skulpturane er laga av restmateriale som avispapir og tomme yoghurtbeger som er kombinert med tape, gipsband og deretter måla med akryl. I tillegg viser ein også nokre skulpturskisser i lufttørka leire. Nokre av teikningane er frå ekskursjon tii Ingebrigt Vik Museet i Øystese.

Kunstfag i Ullensvang kulturskule har undervisning i Odda, Hauso og Jondal. Dette skuleåret har det delteke 30 elevar i alderen 9 til 48 år.

Utstillinga står til 27.8.23.

I samband med opninga vert det og musikalske innslag frå elevar ved musikkfaga i kulturskulen! Meir info om desse kjem! Styrar Ingvild Hauso held tale.

 

Tid

(Sundag) 12:00 - 13:00(GMT+00:00)