Hardanger folkemuseum: Omvising i museumstunet

mån01jul12:00ons31(jul 31)14:00Hardanger folkemuseum: Omvising i museumstunetI juli12:00 - 14:00 (31)(GMT+00:00)

Museumstun på Utne

Om arr.

Bli med på omvising i museumstunet i juli.

Tidspunkt  for omvising i juli:

Tysdagar: kl. 12:00 og 14:00.

Torsdagar: kl. 12:00 og 14:00.

Fredagar: kl. 12:00 og 14:00.

Omvisinga vert avslutta med konsert.

På høgda ovanfor Hardanger folkemuseum ligg det idylliske museumstunet, forma som eit klyngjetun slik det kan ha sett ut før utskiftinga på slutten av 1800-talet. Her er det samla verdifulle bygningar frå Hardanger, slik som stover, buer, stabbur, løer og eldhus. Her er bolighus frå mellomalderen og ei skulestove som var i bruk til 1960-talet. Husa er innreidd med tidstypiske miljø, slik dei kan ha sett ut då dei var i bruk. Våre omvisarar tek deg med inn i husa og fortel om livet i tunet, bygningane, og korleis ein levde i Hardanger i tidlegare tider.

I museumstunet finn ein óg frukthagen. Her fins fleire historiske eplesortar, pærer og moreller.

Her finn ein óg Diktarstien, ein vakker sti av skiferheller med sitat av norske diktarar som har vorte heidra med ein diktartavle i museumstunet.

Omvising og konsert er inkludert i inngangsbilletten desse dagane.

 

Tid

1 (Måndag) 12:00 - 31 (Onsdag) 14:00(GMT+00:00)