mars 2020

fre27mar19:30fre21:00AVLYST - Mjøs og StubsveenKonsert

Om arrangementet

Konserten er diverra avlyst. Av smittevernomsyn vel Hardanger folkemuseum å stenge dørane og avlysa alle arrangement i mars. Me vurderar fortløpande situasjonen for tida vidare.

 

Johanne Løkensgard Mjøs frå Bergen og Sigrid Stubsveen frå Engerdal har endeleg gjort alvor av å spela saman som duo!

Korleis spelekvinner frå kvar sin kant av landet finn ut at dei vil spele saman, spør du? Tja… Johanne trakterer både fele og hardingfele, og med fela er det musikken frå Nordland og Troms som har fengsla. Sigrid har gjort det til sitt livsprosjekt å spele engerdalsmusikk på fela. To ganske ulike tradisjonar har likevel nokre likskapar. Slåttane er korte og melodiane kanskje litt rare, og med temperamentsfulle nordlandsslåttar med mykje vêr, og knudrete engerdalsslåttar som kanskje pratar litt meir i koppen, lagar Johanne og Sigrid morosame og varierte konsertar som held deg vaken!

Velkomne til ei humørfylt konsertoppleving!

Kafé med sal av forfriskningar.

Billettar: 250/225

NB! Hugs at de nye ferjetidene tillet ein å koma seg over fjorden til austsio etter konserten.

Tid

(Fredag) 19:30 - 21:00

Stad

Hardanger folkemuseum

Museumsvegen 36, 5778 Utne

Hardanger og Voss museum

Administrasjon:
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Opningstider

Sjå dei einskilde besøksstadane for opningstider

Hardanger and Voss museum

Administration:
Museumsvegen 36, Utne
Tel: +47 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Opening hours

Visit each museum's website for opening hours

X