okt. 2022

sun23okt15:00Live radio: Folk & Dyr15:00

Om arr.

Bli med som tilhøyrar under Folk & Dyr live radio i Kabuso – sundag 23. oktober kl 15!

Våren 2022 reiste kunstnarane Yngvild Færøy og Søssa Jørgensen rundt i øykommunen Solund, lengst vest i Vestland, og stilte desse spørsmåla i podcasten sin, Folk & Dyr:
Kva kan dyr fortelje oss om verda – og om oss sjølv? Korleis er dyr ein del av livsgrunnlaget så langt frå fastlands-Noreg?

Folk & Dyr er eit kunstprosjekt i live-radio- og podkastformat av Yngvild Færøy og Søssa Jørgensen. Det starta i Skiptvet i Østfold i 2017. Sidan har dei besøkt Sørenga og Salten, Bergen og Harstad. Saman med folk med lidenskap for dyr, utforskar dei spørsmåla om kva samspelet med dyr fortel oss:
Kva slags dyr vel me å ha tett innpå oss? Korleis vert dyra påverka av aktivitetane våre?

Om kunstnarane
Yngvild Færøy og Søssa Jørgensen er kunstnarar med bakgrunn frå mellom anna radiOrakel og lydkunstkollektivet BallongMagasinet.
Tidligare produksjonar inkluderar samarbeid med NRK, Høstutstillingen, Galleri F 15, Konsthall C i Stockholm og Festspillutstillingen i Harstad.
I dei ulike episodane vert me betre kjend med folke- og dyrelivet på øyane.

>>> Sjekk live radio-sendingar og podcastar her 

Tid

(Sundag) 15:00

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

X