Kurs: folkesongen i Hardanger
lau08mar10:00lau16:00Kurs: folkesongen i Hardangeri Granvin
Om arr.
Djupdykk i folkesongen frå Hardanger – oppstartskurs.
Om arr.
Djupdykk i folkesongen frÃ¥ Hardanger – oppstartskurs.Â
Veit du kven Anna Skeie, Ole Olsen Fykse, Margreta Lutro, Anna Opedal (blind-Anna), Ingeleiv NÃ¥, Marita Hauso, Henrik Kvalheim, Ivar O. Espeland og Lars Hamre er? Desse er gamle og rike kjelder for den vokale folkemusikken i Hardanger. Me skal læra om dei, lytta til dei og læra songar etter desse. Saman skal me forska pÃ¥ Hardanger sine fantastiske songskattar. Me er heldige som har hatt innsamlarar som sÃ¥g verdien av folkesongen, lang tid tilbake. Olav Sande frÃ¥ Systrond i Sogn var lærar i Granvin ein periode pÃ¥ tidleg 1900 talet. Han var folkeminnesamlar, komponist og statsstipendiat. Jørgen Moe samla mykje soger og songar bl.a frÃ¥ Granvin og Lofthus.  Â
Me vil pÃ¥ kurset gje ei oversikt over kjelder, utøvarar og deira songar. Samt læra nokre av desse. Dette er eit oppstartskurs med von om Ã¥ skapa interesse for denne tradisjonen, og at ein seinare skal kunna samlast for Ã¥ læra meir. Songen har kome litt i bakgrunnen av den store hardingfeletradisjonen i vÃ¥rt omrÃ¥de. Tida er no inne for Ã¥ løfta denne songskatten til nye høgder. Â
Tidspunkt og påmelding
Kurset vert arrangert av Hardanger folkemusikksamling og Hardingfolk, med Lajla Renate Buer Storli som kurslærar.
Kurset vert laurdag 8. mars på Granvin barne-og ungdomsskule, kl 10.00 – 16.00. Påmelding til 906 26 084 innan 6. mars 2025
Prisar
Kurs vaksen 450,-
Kurs student eller medlem i Folkorg 300,-
Kurs born 250,-
Andre kurs finn du her
Tid
8. mars 2025 10:00 - 16:00(GMT+00:00)