Konsert folkemusikk
lau04jul(jul 4)17:00lau25(jul 25)18:00Konsert folkemusikklaurdagar i juli
Om arr.
Konsert kvar laurdag Kvar laurdag i juli inviterer me på folkemusikkonsert på Skredhaugen. Konserten startar kl 17, og varar kring 40 minuttar. Konserten er inkludert i den vanlege inngangsbilletten. I år er
Om arr.
Konsert kvar laurdag
Kvar laurdag i juli inviterer me på folkemusikkonsert på Skredhaugen. Konserten startar kl 17, og varar kring 40 minuttar. Konserten er inkludert i den vanlege inngangsbilletten.
I år er det unge og lovande Anna Margrete Emmerhoff Grønsnes som spelar konsertane. Slik skildrar ho seg sjølv:
«Eg heiter Anna Margrete Emmerhoff Grønsnes, bur på ein fruktgard og spelar hardingfele. Eg har spelt hardingfele i snart ni år, og det har blitt ein veldig viktig del av livet mitt. Hardingfela har ein spesiell lyd som eg synest er veldig vakker. Eg likar godt å spela folkemusikk, for den fører meg inn i den norske kurturen. Eg øver mykje og prøver å bli betre heile tida. I sommar gler eg meg veldig til å spela for dykk! Håpar de vil ta ein tur innom! «
Laurdag 11. juli er det Siri Nordgård som har konsertane. Ho er ein svært dyktig toradar-spelar, og vann Landskappleiken i toradarspel i 2025.

Konsertane er arrangert i samarbeid med hardingfela.no
Foto: Elisabeth Emmerhoff
