Jorunn Ystaas: Biletvev

sun26jun(jun 26)16:00sun07aug(aug 7)17:00Jorunn Ystaas: BiletvevUtstilling16:00 - (aug. 7) 17:00(GMT+00:00)

Om arr.

Vevnader i gobelinteknikk, også kalla flamsk vev, er kjend frå andre land, langt attende i tid. I Noreg er Baldishol-teppet det eldste bevarte teppet frå tida før 1500. Først på 1600 og 1700-talet vart biletvev ein tradisjon i Noreg, ofte med motiv frå bibelen. Særleg har historia om dei fem kloke og dei fem dumme jomfruene vore eit ynda motiv. På slutten av 1800-talet og starten på 1900-talet fekk bileveven ei oppblomstring som kunstuttrykk med kjende vevarar som Frida Hansen og Hannah Ryggen.

Biletvev er også ein kjær hobby for mange, så også for Jorunn Ystaas, som har vove alle bileta i utstillinga. Joronn flytta til Lofthus i 1955, til eit aktivt miljø der ho tok kurs i både hardangersaum og perlesaum. Ho vart kjend med biletvevar Åslaug Aarhus, og vart svært inspirert av dei fine vevnadene. På 80-talet gjekk ho på kurs hjå Åslaug, og dette vart starten på ei langvarig interesse for biletvev. Også svigerinna Liv Ystaas på Voss driv med biletvev, og har vore til stor inspirasjon. Vevinga gjer ho heime, og kvar 14. dag er dei seks ihuga kvinner som kjem saman og vev i lag. Ho likar spesielt godt å veva motiv med menneske og dyr, noko som visar att i biletvevane som er med i utstillinga.

I utstillinga kan ein mellom anna sjå motiv laga av Gerhard Munthe, Dagfinn Instanes og Harald Kihle, og ein versjon av Baldisholteppet.

Utstillinga er ope sundagar mellom 12-17, og når det er arrangement på Skredhaugen.

Tid

Juni 26 (Sundag) 16:00 - Aug. 7 (Sundag) 17:00(GMT+00:00)