mars 2020

13mar19:00Hildo med Berit Opheim & coFolketonar

Les meir

Om arrangementet

Berit Opheim (vokal)
Tore Brunborg (saksofon)
Stein Urheim (strengar)
Steinar Raknes (bass)
Kåre Opheim (trommer)

«Hildo» heitte den gamle kyrkjeklokka som ljoma over Vossevangen frå tårnet på Vangskyrkja i gamle dagar. Det finst fleire segn og folketonar til ære for klokka, som var kjend for sin uvanlege fine og sterke klang. Eit av segna seier at bergensarane ville låna klokko, og vossingene var dumme nok til å seia ja. Ute i Bolstadfjoren rauk det opp til uver, båten sokk, og der ligg klokka på havsens botn den dag i dag,

Konsertproduksjonen HILDO er eit samarbeid mellom Riksscenen og Vossa Jazz og hadde première på Vossa Jazz 2018.
Fem fantastiske musikarar, med Brunborg og Opheim i spissen, har teke utgangspunkt i ulike folketonar og slåttar frå mellom anna Voss, Sogn og Hardanger, og serverer desse i nye arrangement og med nykomponerte tema. Det vert både balladar, bånsullar, stev, barnesongar, salmar og slåttar, i hendene på musikantar som går «Hildo» sjølv ein høg gong når det kjem til klang og styrke.

Hildo vart nominert til Musikkritikerprisen 2018 og kom ut i plateform november 2019 til strålende a. M.a. gav Petter Lønningen i Bergens Tidende terningkast 6, omtalte albumet magisk og plasserte det som eit av årets beste album.

I samarbeid med Vestnorsk Jazzsenter / Den Musikalske Stamvegen

Tid

(Fredag) 19:00

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Billettar

>>> Kjøp billett her

Hardanger og Voss museum

Administrasjon:
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Nyhendebrev

Meld deg på nyhendebrevet vårt for info om det som skjer ved våre besøksstadar!

Opningstider

Sjå dei einskilde besøksstadane for opningstider

Hardanger and Voss museum

Administration:
Museumsvegen 36, Utne
Tel: +47 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Newsletter

Subscribe to our newsletter featuring news about our museums, exhibitions, activities and more

Opening hours

Visit each museum's website for opening hours

X