"Herr Sigurd Brynjulvson, reisande i lov og rett"
ons05aug18:0020:00"Herr Sigurd Brynjulvson, reisande i lov og rett"Foredrag med Guttorm Rogdaberg
Om arr.
Foredrag med Guttorm Rogdaberg – «Herr Sigurd Brynjulvson, reisande i lov og rett» Guttorm A. Rogdaberg er styreleiar i Stiftelsen Agatunet, statsstipendiat og tidlegare dagleg leiar for Agatunet, eit freda klyngetun
Om arr.
Foredrag med Guttorm Rogdaberg – «Herr Sigurd Brynjulvson, reisande i lov og rett»
Guttorm A. Rogdaberg er styreleiar i Stiftelsen Agatunet, statsstipendiat og tidlegare dagleg leiar for Agatunet, eit freda klyngetun og museum i Hardanger. I Agatunet ligg den staselege Lagmannsstova, bygd ein gong mellom år 1220 og 1230. Lagmansstova er norges eldste rettslokale og var residensen til herr Sigurd Brynjulvson, lagmann i Gulating. I dette foredraget fortel Guttorm Rogdaberg om herr Sigurds mange reiser i inn- og utland, og korleis han som Gulatingslagmann var ein reisande i lov og rett.
Skredhaugens vener skipar til mange arrangement på onsdagar gjennom sommaren. Det vert kafé med bakst og kaffi, og utstillingane Spor i tid og BEE Hardanger er opne. Alle er hjarteleg velkomne.
Billettar: Vaksne 125,- Student 75,- og born gratis
