Helgekurs: kniplingar med gulltråd

fre23feb(feb 23)09:30sun25(feb 25)17:00Helgekurs: kniplingar med gulltrådtil bringklut og bunad09:30 - 17:00 (25)(GMT+00:00)

Om arr.

 

Lær å laga dei vakraste kniplingar med gulltråd

Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer helgekurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til hardangerbunaden. På dette kurset får du læra å laga kniplingar av gulltråd.

Kniplingar i gull og sylv er mykje nytta på gamle bringklutar i Hardanger, og lagar ein fin overgang mellom hovudmotivet på bringkluten og bandkanten øvst. Dei kan og nyttast på barnehuver og andre små delar til bunaden. Nokre stader, td. Os og Fusa nyttar ein gull- og sylvkniplingar på bunadslivet. På Voss kan gifte kvinner ha sylvknipling nede på stakken.

Kniplingar er ikkje så vanskelege å få til, særleg ikkje under kyndig rettleiing frå kurslærar Åse Bratland. Ho har med seg alt utstyr og materiell som ein treng. Kurset passar både for nybegynnarar og for dei som har knipla før.

Tidspunkt og påmelding

Kurset går fredag 23. – sundag 25. februar på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 17 kvar dag.
Påmelding innan 1. februar 2024 til post@hvm.museum.no /tlf 474 79 884
Andre tidspunkt kan og avtalast, me arrangerer kurs for grupper heile året.
Ved færre enn 4 påmeldte deltakarar kan kurset verta avlyst.

Prisar

4400,- pr kurs for medlemmar i Folgefonn/Norges husflidslag.
4900,- pr kurs for ikkje-medlemmar
Kurset inkluderer kaffi, kaker og varm lunsj alle dagar.
Kursmateriell kjem i tillegg, alt etter kva ein vel å laga.

Overnatting

Utne hotel har diverre stengt denne helga, så det enklaste er nok å finna ein stad på t.d. Airbnb. Ta gjerne kontakt om du treng hjelp til å finna noko, så finn me heilt sikkert ut av det.

For spørsmål og meir informasjon, kontakt Agnete Sivertsen, tlf 95 93 46 98, agnete.sivertsen@hvm.museum.no

Andre kurs finn du her

Tid

23 (Fredag) 09:30 - 25 (Sundag) 17:00(GMT+00:00)