Helgekurs: hardangersaum

fre20sep(sep 20)09:30sun22(sep 22)17:00Helgekurs: hardangersaumLær å sy hardangersaum slik me gjer det i Hardanger!09:30 - 17:00 (22)(GMT+00:00)

Om arr.

 

Sy hardangersaum til forkle, skjorte og duk

Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag inviterer til helgekurs i hardangersaum hausten 2024 med Agnete Sivertsen som kurslærar. Kurset vert fredag 20. – sundag 22. september, kl 09.30 – 17 alle dagar. Kurset inkluderer både omvising i bunad og hardangersaumutstillinga vår, individuell rettleiing, samt lunsj og kaffimat i tre dagar.

Like tilbake til 1600-talet har kvinner i Hardanger sydd hardangersaum som ein del av den lokale draktskikken. Sidan har interessa for dette vakre broderiet spreidd seg til store delar av verda. På hardangersaumkurset får du læra dei grunnleggjande teknikkane, dei lure løysingane og dei lokale variantane. Etter ein god introduksjon vel du sjølv om du vil starta på kvitsaum til bunad, forklebord, eller kanskje ein duk eller ein løpar. Kurset passar godt både for dei heilt ferske og dei meir erfarne.

Tidspunkt og påmelding

Kurset går fredag 20. – sundag 23. september på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 17 kvar dag.

Påmelding innan 1. september 2024 til post@hvm.museum.no /tlf 474 79 884

Andre tidspunkt kan og avtalast, me arrangerer kurs for grupper heile året.

Ved færre enn 4 påmeldte deltakarar kan kurset verta avlyst.

Prisar

4400,- pr kurs for medlemmar i Folgefonn/Norges husflidslag.

4900,- pr kurs for ikkje-medlemmar

Kurset inkluderer kaffi, kaker og varm lunsj alle dagar.

Kursmateriell kjem i tillegg, alt etter kva ein vel å sy.

Overnatting

Museet har avtale med Utne hotell, som ligg rett ved museet. Deltakarar på kursa får 10% rabatt på overnatting her. Ta gjerne direkte kontakt med hotellet på reception@utnehotel.no og skriv at du skal på kurs. Overnattinga på hotellet inkluderer frukost og femrettars middag. Sjå også utnehotel.no

Det er og råd å finna overnatting gjennom t.d. Airbnb.

For spørsmål og meir informasjon, ta gjerne kontakt med kurslærar Agnete Sivertsen, tlf 95 93 46 98, agnete.sivertsen@hvm.museum.no

Andre kurs finn du her

Tid

20 (Fredag) 09:30 - 22 (Sundag) 17:00(GMT+00:00)