september 2020

fre18sep(sep 18)09:30sun20(sep 20)14:00Kurs i hardangersaum

Om arrangementet

Lær å sy hardangersaum slik me gjer det i Hardanger. Like tilbake til 1600-talet har kvinner i Hardanger sydd hardangersaum som ein del av den lokale draktskikken. Sidan har interessa for dette vakre broderiet spreidd seg til store delar av verda. Hardanger Folkemuseum arrangerer kurs i hardangersaum. Lat våre kurslærarar ta deg med til hardangersaumens arnestad, og syna deg saumens løyndomar. Sjå vår unike hardangersaumutstilling og ver med på besøk i tekstilmagasinet.

Tre dagars kurs med omvisningar, foredrag, magasinbesøk, overnatting, frokost, lunsj og middag.

Prisar
Kurs med overnatting i dobbeltrom og fullpensjon: 7.250,-
Enkeltromstillegg: 1.350,-
(Inkluderar kursavgift, overnatting tre netter og alle måltid fredag til sundag. Kursmateriell kjem i tillegg, alt etter kva ein vel å sy.)

Alternativ utan overnatting
Kurs dagtid og lunsj tre dagar: 3.200,-

Kontakt
Hardanger folkemuseum, Museumsvegen 36, 5778 Utne
E-post: post@hvm.museum.no
Tlf: +47479884

Påmelding innan 28. august 2020 til post@hvm.museum.no

Program for kurset:
Torsdag
Frå kl 15 Innsjekking på Utne hotel.

Fredag
Kl 07:00 – 09:00 Frukost på Utne hotel
Kl 09:30             Oppmøte på Hardanger folkemuseum
Kl 09:30 – 12:00 Omvisning og foredrag i bunad og hardangersaumutstillinga
Kl 12:00 – 13:00 Lunsj i kafeen
Kl 13:00 – 17:00 Hardangersaumkurs
Kl 18:00             Trerettars middag på Utne Hotel.

Laurdag
Kl 07:00 – 08:30 Frukost på Utne Hotel
Kl 09:00 – 12:00 Hardangersaumkurs
Kl 12:00 – 13:00 Lunsj i kafeen
Kl 13:00 – 13.30 Besøk i tekstilmagasinet
Kl 13:30 – 17:00 Hardangersaumkurs
Kl 18:00             Trerettars middag på Utne Hotel

Sundag
Kl 07:00 – 08:30 Frukost på Utne Hotel
Kl 09:00 – 12:00 Hardangersaumkurs
Kl 12:00 – 13:00 Lunsj i kafeen
Kl 13:00 – 14.00 Hardangersaumkurs
Kl 14:00             Avreise

Tid

18 (Fredag) 09:30 - 20 (Sundag) 14:00

Stad

Hardanger folkemuseum

Museumsvegen 36, 5778 Utne

Hardanger og Voss museum

Administrasjon:
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Sosiale media

Følg oss gjerne på Facebook og Instagram!

Hardanger and Voss museum

Administration:
Museumsvegen 36, Utne
Tel: +47 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Opening hours

Visit each museum's website for opening hours

Social Media

Follow us on Facebook and Instagram!

X