april 2022

lau23apr(apr 23)11:00sun24(apr 24)16:00Friluft+teikningKurs11:00 - 16:00 (24)

Om arr.

Om våren er Hardanger på noko av sitt vakraste. Bli med kunstnar Wim van den Toorn ut i naturen med teikneblyant og blokk!

På dette kurset skal ein jobba med teikning i friluft. Å arbeida med friluftsteikning har lang tradisjon i kunsthistoria som til dømes i impresjonismen og nasjonalromantikken. Eksperimentering, undring og sansing står sentralt i arbeidsmetodane me skal utforska. Kurset vil vera ein kombinasjon av kreativ praksis ute i naturen, dialog og forelesingar om temaa kunst og natur.

Målgruppe: Alle. Nybyrjarar og erfarne teiknarar.
Instruktør: Wim van den Toorn.

Pris: 3500,-/4525,-*
*inkludert overnatting i enkeltrom med frukost på Hardangerfjord hotel
Lunsj, drikke,snacks og middag laurdag er inkludert i prisen.

Ta med papir og teiknesaker. Kan tingast ved påmelding for 350,-

Påmelding og spørsmål: karen@kabuso.no
Påmeldingsfrist 1. oktober

Tid

23 (Laurdag) 11:00 - 24 (Sundag) 16:00

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Sjå hending på Facebook

>>> Sjekk ut
X