Frå høge himmel

lau12des16:30lau18:00Frå høge himmelJulekonsert16:30 - 18:00(GMT+00:00)

Om arr.

Velkomen til julekonsert med vakre, tradisjonelle salmar frå Rogaland.

MEDVERKANDE:

Åshild Vetrhus – folkesong
Andreas Ulvo – piano, tangentar
Morten Barrikmo – klarinett, bassklarinett

”Frå høge himmel” er ein annleis julekonsert. Ein får høyra tradisjonelle julesalmar frå Rogaland. Nokre av salmane er slike vi framleis brukar i jula, men gjerne med andre melodiar, andre er i ferd med å gå i gløymeboka. Her er salmar med innfløkte melodiske vendingar og forsiringar, og her er salmar med meir enkel melodiføring. Publikum får høyra snodige, snirklete julesalmemelodiar med alderdomlege og høgtidsstemte julesalmetekstar i ein varm samklang med trøorgel, keyboard og bassklarinett. Dei tradisjonelle julesalmane frå Rogaland får eit nytt ansikt, blir løfta og fylte med godlyd på deira eigne premissar. Salmane er henta frå heile Rogaland, frå Egersund i sør til Suldal i nord.

Stad: Hardanger folkemuseum, Utne
Laurdag 12.12.20, klokka 16:30.

NB! Avgrensa antal billettar.

Grunna antalsrestriksjonar og smittesporing ynskjer me at de kjøper billettar på førehand: https://hardangerfolkemuseum.ticketco.events/no/nb/e/fraa_hoege_himmel

BAKGRUNN:

I Folkemusikkarkivet for Rogaland finst det mange lokale variantar av dei gamle julesalmane. I 1999 vart størstedelen av desse utgitt i bokform; ”Den yndigste Rose – Julesalmar frå arkivet” (red. Ruth Anne Moen, Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet). Det vart gjort grundige transkripsjonar og det vart produsert ein cd som følgjer boka. Her kan ein lytta til arkivopptaka som transkripsjonane byggjer på, og der det manglar opptak er det gjort nye innspelingar med utøvarar frå Rogaland av i dag.

OM MUSIKARANE:

Åshild Vetrhus (1978), folkesongar frå Suldal i Rogaland, utdanna ved Norges musikkhøgskole. Aktuell m.a. i ulike prosjekt saman med improvisasjonsmusikar Andreas Ulvo og som soloutøvar, men kanskje mest kjend frå folkemusikktrioen Tindra. Åshild var med som utøvar på innspelinga til ”Den yndigste Rose” i 1999.

Morten Barrikmo (1979), klarinettist frå Kongsberg utdanna ved Norges musikkhøgskule. Aktuell m.a i Oslo Sinfonietta, Trondheim Jazzorkester, Det Norske Blåseensemble og BIT20 Ensemble.

Andreas Ulvo (1983), pianist, keybordist og komponist frå Eidsskog utdanna ved Norges musikkhøgskole. Aktuell m.a. i Ulvo Ensemble, Mathias Eick kvintett, Karl Seglem, Thom Hell og duokonsept med Ingrid Olava «Innlandet».

Morten og Andreas er allsidige og kompromisslause musikarar som skaper unike, improviserte klangbilete som alltid tilfører heilskapen noko sterkt. Den klåre, inderlege og direkte stemma til Åshild formidlar songane på sjeldan vis og gir melodiane ei personleg form innan det folkemusikalske uttrykket.

Tid

(Laurdag) 16:30 - 18:00(GMT+00:00)