Føredrag: Skeive sjøfolk

tors12sep18:00tors19:30Føredrag: Skeive sjøfolk

Om arr.

Korleis opplevde skeive sjøfolk tida til sjøs på 1960-70-talet?

Den norske handelsflåten var ein stor og viktig arbeidsplass i etterkrigsåra og blir ofte omtalt som ein gullalder i norsk skipsfart. Men kva kjenneteiknar mannssamfunna om bord? Kva fortel sjøfolk frå denne tida om privatlivet sitt? Og i kva grad var det mogleg å leve skeive liv til sjøs? Kva slags motstand og moglegheiter møtte ein på?

Bergens Sjøfartsmuseum har eit pågåande forskings- og dokumentasjonsprosjekt om skeivheit til sjøs i tida før og etter avkriminaliseringa av sex mellom menn i Noreg. Prosjektet har mellom anna resultert i utstillinga «Skeive sjøfolk».

Føredragshalder Bård Gram Økland er konservator ved Bergens Sjøfartsmuseum og arbeider der med formidling og forsking.

Bli med på føredraget om denne lite kjende delen av norsk sjøfartshistorie.

 

Pris: 100kr

Stad: Kaféen på Hardanger fartøyvernsenter

Billettar kan du kjøpe i døra.

 

Tid

12. sept 2024 18:00 - 19:30(GMT+00:00)