Føredrag: Fullriggaren Sørlandet - livet ombord og i verda

tors16apr18:0019:30Føredrag: Fullriggaren Sørlandet - livet ombord og i verda

Om arr.

Fullriggeren Sørlandet til Hardanger Fartøyvernsenter:

Føredrag om eit skuleskip som og har band til Norheimsund

Maskinsjef Alvar Geirsson Bækkelund og driftssjef Kari Skår Dahl ved Fullriggeren Sørlandet inviterer til eit føredrag om skuleskipsdrifta på verdens eldste aktive fullriggar. Publikum får verta med på ei reise gjennom skipet sin rike historie – frå dei tidlige åra som seglande skuleskip til verksemda i dag i internasjonalt farvatn. Føredraget er krydra med personlege historier og opplevingar frå livet om bord.

Begge føredragshalderne har eit nært tilknytning til Hardanger. Maskinsjef Alvar er født og oppvaksen i Norheimsund, medan driftssjef Kari er store deler av sommarhalvåret  på Herandsholmen og i Granvin. Saman deler dei sin faglege innsikt og har begge lokale røter.

Dette vert ei moglegheit til å koma tett på eit stykke norsk sjøfartshistorie fortalt av to som kjenner skipet frå innsida og sjøen som leveveg.

Føredraget startar kl. 18., billett 100 kr i døra, ticketco-lenkje finn du nedanfor.

Foto: Fullriggeren Sørlandet

Tid

16. April 2026 18:00 - 19:30(GMT+02:00)

Billettar på nett