Føredrag: Førti år med fartøyvern
tors26nov18:0020:00Føredrag: Førti år med fartøyvern18:00 - 19:30
Om arr.
Geir Madsen og Inger Wilhelmsen Seljestad vil halda føredrag om sine år som fartøyvernarar, båtbyggjarar og alt anna frå den spede byrjinga til det som vart Hardanger Fartøyvernsenter
Om arr.
Geir Madsen og Inger Wilhelmsen Seljestad vil halda føredrag om sine år som fartøyvernarar, båtbyggjarar og alt anna frå den spede byrjinga til det som vart Hardanger Fartøyvernsenter og fram til i dag.
I starten på 80-talet, var det høg arbeidsløyse blant ungdom, for å bøta på dette, vart det på landsbasis oppmoda om å starta opp særskilde tiltak retta inn mot ungdom.
Kvam herad oppretta det såkalla ungdomsprosjektet i Kvam og tilsette Torbjørn Kaarbø til å leia dette.
Prosjektleiaren kom med forslag om ulike tiltak og eitt av disse var tanken om å setja i stand eit farty med røter i Hardanger.
I samarbeid med Riksantikvaren vart Kaarbø gjort merksam på ei, Kari Louise/opprinneleg Mathilde, som låg for sal i Sandnessjøen i Nordland.
Ho var bygd i Ølve av Olav H. Nerhus, i 1884 og hadde vore i fraktefart fram til 1982. Kristian Djupevåg vart hyrt inn som ein viktig fagleg konsulent og fartøyet kjøpt for kr 27 000.
Med hjelp frå dei sju Hardangerkommunane og eksterne økonomiske støttespelarar, vart Stiftinga Hardangerjakt av 1984 etablert og grunnlaget for eit nasjonalt kompetansesenter for fartøyvern danna.
Resten av historia kjem får de i Kulturnaustet ved HFS kl. 18, 26. november. Billettar kan kjøpast i døra og på nett gjennom lenkja nedanfor, 125 kr, kafeen er open frå kl. 17.
Tid
26. nov. 2026 18:00 - 20:00(GMT+00:00)
