Minikonsertar: Siri Nordgård

mån01julHeile dagenons31Minikonsertar: Siri NordgårdFolkemusikk(Heile dagen)(GMT+00:00)

Om arr.

Siri Nordgård frå Oppheim på Voss vann Landskappleiken i 2018. I heile juli er me så heldige at det unge toradartalentet spelar fast i tunet på Mølster. Tre minikonsertar kl 13, 14 og 15 frå måndag til fredag.

Siri er 18 år og har spela toradar sidan ho var 7 år gamal. Ho har spela nokre konsertar i nærområdet og hatt ein minikonsert i regi av Osafestivalen.
I tilegg er ho lærar til elevar i toradar på Vossestrand. Siri har delteke på tre kappleikar, to respektable andreplassar før ho gjekk heilt til topps i 2018.

Tid

juli 1 (Måndag) - 31 (Onsdag)(GMT+00:00)