Folk & Dyr

lau01okt00:00sun04des(des 4)00:00Folk & DyrInstallasjon(okt. 1) 00:00 - (des. 4) 00:00(GMT+00:00)

Om arr.

Frå 1. oktober viser Kabuso ein installasjon med lyttestasjon i foajéen. Denne er knytt til podcasten Folk & Dyr ved Yngvild Færøy og Søssa Jørgensen.
Våren 2022 reiste dei rundt i øykommunen Solund, lengst vest i Vestland, og stilte desse spørsmåla:

Kva kan dyr fortelje oss om verda – og om oss sjølv? Korleis er dyr ein del av livsgrunnlaget så langt frå fastlands-Noreg?

Folk & Dyr er eit kunstprosjekt i live-radio- og podkastformat av Yngvild Færøy og Søssa Jørgensen. Det starta i Skiptvet i Østfold i 2017. Sidan har dei besøkt Sørenga og Salten, Bergen og Harstad. Saman med folk med lidenskap for dyr, utforskar dei spørsmåla om kva samspelet med dyr fortel oss:
Kva slags dyr vel me å ha tett innpå oss? Korleis vert dyra påverka av aktivitetane våre?

Om kunstnarane
Yngvild Færøy og Søssa Jørgensen er kunstnarar med bakgrunn frå mellom anna radiOrakel og lydkunstkollektivet BallongMagasinet. Tidligare produksjonar inkluderar samarbeid med NRK, Høstutstillingen, Galleri F 15, Konsthall C i Stockholm og Festspillutstillingen i Harstad.
I dei ulike episodane vert me betre kjend med folke- og dyrelivet på øyane.

Live Radio i Kabuso: Bli med som tilhøyrar under Folk&Dyr live radio i Kabuso – sundag 23. oktober kl 15.

Tid

Okt. 1 (Laurdag) 00:00 - Des. 4 (Sundag) 00:00(GMT+00:00)