feb. 2021

sun28feb18:00Avlyst: FINT FRANSK ORKESTERChansons, hjerte og smerte18:00

Om arr.

Grunna omstende knytt til Covid-19 må konserten med Fint fransk orkester diverre avlysast. 

Kjøpte billettar vil verta refunderte frå Ticketco.

__________________

Fint Fransk Orkester tek deg med på ei reise bort frå det heile – i Kabuso sundag 28. februar.

Orkesteret er det næraste du kjem Montmatre i Paris utan å forlata Noreg. Med stil, eleganse, humor og virtuos speleglede blir du tatt med på ei reise djupt inn i den franske chanson-tradisjonen der du møter ei særeigen verd av originale låtar og fargerike rollefigurar.

Med nypolert trombone, nystemt trekkspel og nydeleg song er musikken i hovudsak komponert av bandet sjølv, men med innslag frå franske forgjengarar som Serge Gainsbourg, Edith Piaf og Django Reinhardt. Cabaret, string-swing og hip hop. Chansons, hjerte og smerte.

Fint Fransk Orkester er:
JOHAN EGDETVEIT trekkspel
DOMINIQUE BRACKEVA vokal, trombone
EVA BJERGA HAUGEN vokal, tangentar
ANDREAS BARSNES ONARHEIM gitar, vokal
THEODOR BARSNES ONARHEIM kontrabass

Orkesteret slapp debutalbumet sitt 20. februar 2020 – sjekk det gjerne ut på Spotify!

Arr: Kabuso og Vestnorsk jazzsenter

> Sjå nettsida til Fint Fransk Orkester

 

Tid

(Sundag) 18:00

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Hardanger og Voss museum

Administrasjon:
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Sosiale media

Følg oss gjerne på sosiale medier!

Hardanger and Voss museum

Administration:
Museumsvegen 36, Utne
Tel: +47 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Opening hours

Visit each museum's website for opening hours

Social Media

Follow us on Facebook and Instagram!

X