Film: Lundefjellet - Egget som forsvant
sun04okt13:00Film: Lundefjellet - Egget som forsvantBornas Kabuso
Om arr.
Velkommen til film i Bornas Kabuso 4. oktober kl. 13! Me viser Lundefjellet, ein film frå 2024, laga av det irske animasjonstudioet Cartoon Saloon. Lundefjellet – Egget som forsvant: Lundefuglane
Om arr.
Velkommen til film i Bornas Kabuso 4. oktober kl. 13!
Me viser Lundefjellet, ein film frå 2024, laga av det irske animasjonstudioet Cartoon Saloon.
Lundefjellet – Egget som forsvant: Lundefuglane Una og Baba bur på ei øy langt ute i havet. Ein sommar kjem nokre ukjende fuglar som har funne vegen langt nord på grunn av klimaendringane. Dei får nye vener, men og nokre utfordringar, og eit egg forsvinn på mystisk vis.
Lengde 1 t 20 min. Tillatt for alle
Inga påmelding. Medlemsskap i klubben kostar 110 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa hausten 2025. Vaksne går gratis i følge med barn på alle arrangementa.
Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar.
Verkstadane vert til i samarbeid med Kunstnarhuset Messen. Filmane vert vist i samarbeid med Norsk filmklubbforbund.
