sept 2020

tors03sep20:00Espen Berg TrioJazz

Om arr.

Espen Berg – piano
Bárður Reinert Poulsen – bass
Simon Olderskog Albertsen – trommer

Espen Berg Trio vert gjerne omtala som leiken og engasjerande – og torsdag 3. september kl 20 kan du sjekka ut kvifor!

Pianist Espen Berg har både mottat Norges største jazzpris og skrive bestillingsverk for Trondheim jazzorkester, men det er trioen som er ryggrada i det kunstnarlege virket.
Bandets sine to første utgjevingar Mønster og Bølge kom breiddfulle av kompleks rytmikk, avanserte nordiske harmoniar og melodiske krumspring i amerikansk tradisjon, hovedsakleg signert Berg.
Den tredje utgjevinga, Free to play, kom ut på på gjenoppståtte Odin Records i 2019.
Musikken på denne plata viser eit endå meir samskapande band, og det let friskt og entusiastisk, energirikt og gøy!

Berg fortel at han brukar trioen som sandkasse for å eksperimentera med ulike rytmiske strukturar og komposisjonsteknikkar, og no er dei blitt ei samspelt eining som både ivaretar jazztrio-tradisjonane og som har ein heilt klar identitet og ein vanvittig driv.

Me ser fram til en utadvendt og temperamentsfull kveld!

 

Om koronatiltak:

Arrangementet vil føregå i konsertsalen. Der er det god plass mellom radene og ved hjelp av billettsal på nett (Ticketco) og redusert kapasisitet (annakvart sete er disponibelt) er publikum sikra den naudsynte avstanden til andre som deltek på arrangementet.
Det er altså innført salkart for konsertsalen, slik at du vel ein plass for deg og dine ved kjøp av billett. Slik har du også høve til å sikra deg dei gode plassane du ynskjer og evt slappa av i kaféen fram mot arrangementsstart.

 

Tid

(Torsdag) 20:00

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Billettar

>>> KJØP BILLETT HER

Sjå hending på Facebook

>>> Meld di interesse her

Hardanger og Voss museum

Administrasjon:
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Sosiale media

Følg oss gjerne på Facebook og Instagram!

Hardanger and Voss museum

Administration:
Museumsvegen 36, Utne
Tel: +47 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Opening hours

Visit each museum's website for opening hours

Social Media

Follow us on Facebook and Instagram!

X