Dobbelkonsert: SINIKKA LANGELAND & KNUT HAMRE / LASSEN
sun27okt18:00Dobbelkonsert: SINIKKA LANGELAND & KNUT HAMRE / LASSENFolkemusikk / jazz
Om arr.
Sundag 27. oktober byr Kabuso pĂ¥ ein dobbelkonsert: Musikalsk knask for deg som likar anten folkemusikk eller jazz! DEL 1 Kl 18: Sinikka Langeland & Knut Hamre – Det blĂ¥ landet Sinikka
Om arr.
Sundag 27. oktober byr Kabuso pĂ¥ ein dobbelkonsert: Musikalsk knask for deg som likar anten folkemusikk eller jazz!
DEL 1
Kl 18: Sinikka Langeland & Knut Hamre – Det blĂ¥ landet
Sinikka Langeland – song, kantele
Knut Hamre – hardingfele
Det blĂ¥ landet er ein konsert med dikt av Hans Børli og Olav H. Hauge – og med musikk av Langeland og Hamre.
I musikken har dei lete seg inspirera av korleis folkemusikken i Hardanger og pĂ¥ Finnskogen er ein del av bakteppet for diktinga.
Lengselen til det hinsidige har kanskje i eldre tider skapt huldremusikk og møte med det usynlege, ein lengsel mot det blĂ¥ landet, som Hauge kallar det i eit dikt.
Dette nye samarbeidet mellom Langeland og Hamre er spenstig bĂ¥de nĂ¥r det gjeld arrangementa med element frĂ¥ to ulike tradisjonar og samklangen av to sĂ¥ spesielle instrument som kantele og hardingfele.
Songen ber visdomen i dikta til to av Norges mest folkekjære poetar.Â
Sinikka Langeland var berre 17 Ă¥r dĂ¥ ho sette tone til eit dikt av Hans Børli første gong. I 1985 sette ho tone til Langt innpĂ¥ skoga som ogsĂ¥ vart namnet pĂ¥ hennar debutplate i 1994.
Ho er og ein av dei som har ført Børli sine dikt ut i verda med si innspeling Starflowers pĂ¥ ECM Records og hennar turnear i Europa, Japan, Irland, India og USA.
I 2011 kom albumet The Land That Is Not med musikk til dikt av Olav H. Hauge og Edith Södergran. Konserten Det blĂ¥ landet er Sinikka Langeland og Knut Hamre sitt første samarbeid.Â
Knut Hamre møtte Olav H. Hauge første gong i tolvĂ¥rsalderen dĂ¥ Hauge las eigne dikt pĂ¥ konsert i Granvin. Seinare tok Hamre til Ă¥ vitja forfattaren i heimen hans pĂ¥ Rossvoll i Ulvik.
Dette vart ein kontakt som vara sĂ¥ lenge Hauge levde. Saman med forfattaren sjølv, Bodil Cappelen, Hildegun Riise, Liv Osa og Ola Bø har Hamre arbeidd med Hauge si dikting, dikt og dagboktekstar – eit arbeid som har resultert i konsertar, turnear og seminar frĂ¥ Tromsø i nord til Kristiansand.
Det blĂ¥ landet er det første samarbeidet til Sinikka Langeland og Knut Hamre.
____________________
DEL 2
Kl 19.15: Lassen
Harald Lassen – saksofon, fløyte, piano
Solveig Wang – synth
Sander Eriksen Nordahl – gitar
Stian Andersen – elbass
Tore Flatjord – tromme
Multiinstrumentalist og Spellemannvinner Harald Lassen er ein av profilane i norsk samtidsjazz. Han har verkeleg fĂ¥tt fotfeste med sine to siste bejubla album og ikkje minst gjenom liveopptredenar.
Haralds musikk er jazz, men jazz med en annen form og farge. Musikk som bare kan komme fra et fritt og Ă¥pent sinn, skreiv internasjonal musikkpresse dĂ¥ albumet Human Samling kom i 2020.
No er han aktuell med eit nyoppussa band og snakkis-albumet Balans som han fekk Spellemannprisen for i 2023.
Me møter ein improvisatør og lĂ¥tsnikkar som inviterer lyttarar og medmusikantar til Ă¥ romstera i det han har skapt og ein kunstnar som har forstĂ¥tt at den einaste gyldige smaken er den personlege.
Saman med ein herleg og djupt sjelfull gjeng sentrerar Lassen musikken rundt medrivande lĂ¥tar og tar lytteren med pĂ¥ forløysande eventyr.
Jorda og atmosfærisk pĂ¥ ein gong. Stort alvor og lure smil.
Utover røtene i norsk jazz kjenner me ogsĂ¥ Harald Lassen frĂ¥ samarbeid med Sondre Lerche, No. 4 og Susanna Wallumrød, blant mange andre. Med seg har han musikarar som set sitt preg pĂ¥ artistar som Fieh, Daniella Reyes og The Switch.

Tid
27. okt. 2024 18:00(GMT+00:00)
Billettar pĂ¥ nett
Program
Dato
