Diktardagen
lau10jun15:00Diktardagenmed Gro Dahle
Om arr.
Gro Dahle fÃ¥r Diktartavla 2023 Haugesenteret og Hardanger folkemuseum heidrar den folkekjære poeten Gro Dahle med ein plass pÃ¥ Diktarstien. Prisutdelinga finn stad pÃ¥ Hardanger folkemuseum laurdag 10. juni kl. 15.00.Â
Om arr.
Gro Dahle får Diktartavla 2023
Haugesenteret og Hardanger folkemuseum heidrar den folkekjære poeten Gro Dahle med ein plass pÃ¥ Diktarstien. Prisutdelinga finn stad pÃ¥ Hardanger folkemuseum laurdag 10. juni kl. 15.00. Â
Sidan debutsamlinga Audiens kom ut i 1987 har den leikande pennen til Gro Dahle gjeve ut poesi, prosa, og dramatikk for bÃ¥de vaksne og born. Over 60 bøker har det blitt, deriblant 17 diktsamlingar. Den nyaste diktsamlinga hennar, Elskede grøftekant, kom i 2022.Â
Mellommenneskelege relasjonar, daglege hendingar og dyra sine perspektiv er motiv som gÃ¥r att i tekstane til Dahle. Gjennom diktsamlingane har Dahle utvikla eit særeige poetisk sprÃ¥k, der ei leikande og naivistisk form blandar seg med brÃ¥e assosiasjonskast og eit underliggjande alvor. Diktinga til Dahle er ofte konkret, men samstundes snur og vender ho sprÃ¥ket til noko overraskande og leikent. Â
– Gro Dahle er ein poet som fylgjer etter orda og leikar med sprÃ¥ket sine lydleg kvalitetar. Dikta handlar om dei nære tinga, og det kvardagslege blir poesi i Dahle si dikting, seier Jorid Lekve Eide, arenaleiar i Haugesenteret.Â
Diktarstien på Utne er ein vakker hellegang med til no 32 diktartavler som prydar det flotte museumstunet ved Hardanger folkemuseum på Utne. Dahle går inn i rekkja av markante diktarar som har fått Diktartavla. Blant dei andre finn me Olav H. Hauge, Halldis Moren Vesaas, Jan Erik Vold, Kolbein Falkeid, Tone Hødnebø, Jon Fosse, Cecilie Løveid, Eldrid Lunden og Øyvind Rimbereid.
Programmet
Under prisutdelinga ved Hardanger folkemuseum vil Dahle framføra utvalde verselinjer, og samtala om diktinga si saman med Jorid Lekve Eide, arenaleiar i Haugesenteret. Etter den litterære samtalen blir det konsert med Olaf Kamfjord, Jon Kirkebø Rosslund og Reidar Vinje Stensvold. Desse tre vestfoldmusikarane er tre femtedelar av bandet Herrene i haven. Gro Dahle har i ei årrekkje levert songtekstar til dette bandet. Songane i denne konserten er både for born og vaksne, og alle songane har sjølvsagt tekstar av prisvinnaren Dahle.
Diktardagen er eit Ã¥rleg arrangement der ein heidrar ein norsk forfattar ved Ã¥ leggja ned ei diktartavle for vedkomande pÃ¥ Diktarstien ved Hardanger folkemuseum. Den første diktartavla kom i 1992. Diktardagen blei offisielt etablert pÃ¥ 85-Ã¥rsdagen til Olav H. Hauge i 1993. Hauge var sjølv ein av initiativtakarane til Diktarstien.Â
Prisen Diktartavla skal heidra ein markant norsk forfattarskap. Forfattaren mÃ¥ ha utmerkt seg særskilt innanfor lyrikk. Diktardagen skal ogsÃ¥ fremja positiv merksemd om norsk lyrikk.Â
Foto: Lina Hindrum
Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.
Tid
10. juni 2023 15:00(GMT+00:00)