april 2021

Danseglede!Arrangement som går heile året (2021)

Om arr.

Frå fredag 30.april kan du høyra songen Danseglede og læra deg Danseglededansen.

Danseglede er ei gåve til alle som treng litt ekstra glede i tidene me er i no, og ingenting gjer betre enn å dansa. Anten åleine, eller saman med kohorten din. Etter kvart så vonar me at grender, byer, skular, fotballag m.m. kan dansa Danseglede saman.

Folkemusikaren Lajla Renate Buer Storli fekk idéen til Danseglede i haust etter inspirasjon frå BlimE-dansen til NRK. Ho laga ein nydeleg tekst, og melodien laga ho saman med John Ole Morken. Så tok Lajla kontakt med hardingfela.no som gjerne ville vera med å spreie Danseglede.

No er Danseglede spelt inn med Lajla, John Ole, Kvarts, Kåre Opheim, Berit Opheim og elevar frå Voss kulturskule. Inga Myhr og Magni Rosvold har laga koreografi og øvingsvideoar til dansen. Me har allereie testa den ut, og den høver godt for både små og store.

Hardingfela.no inviterar alle til å dansa og til å laga og sende inn sine eigne Dansegledevideoar med frist 1.oktober! Det vert premére på ein stor Dansegledevideo under Osafestivalen 31.oktober.

Øvingsvideoane for å læra deg dansen finn du her etter 30.april! Songen Danseglede finn du på alle strøymetenester.

Ynskjer du lydfil, spelearrangement, tekst o.s.v. til å laga video o.s.v. så kontakt Rannveig@olebull.no, tlf.nr. 47291012

Takk til alle involverte, til Sparebanken Vest for sponsing og til FolkOrg for samarbeid!

 

Danseglede cover til single.
Foto: Ingerid Jordal
Cover art: Steinar Karlsen

Tid

Arrangement som går heile året (2021)

Stad

Digitalt

Hardanger og Voss museum

Administrasjon:
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Sosiale media

Følg oss gjerne på sosiale medier!

Hardanger and Voss museum

Administration:
Museumsvegen 36, Utne
Tel: +47 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Opening hours

Visit each museum's website for opening hours

Social Media

Follow us on Facebook and Instagram!

X