Bornas Kabuso

lau20mar12:00lau14:00Bornas KabusoPapir, prikkar og striper12:00 - 14:00(GMT+00:00)

Om arr.

Kreativ verkstad – to økter: Moro med papir, prikkar og striper – laurdag 20. mars kl 12 pg 13.
Ein kan lage mykje med papir. Med papir, saks og lim skal me laga tredimensjonale bilete og skulpturar av papir. Kan det verta ein by, eller kanskje ein sommarfugl?
Det vert òg prikke- og stripeverkstad.
Likar du best å bruke prikkar eller striper – eller kanskje begge delar?
Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar.
Medlemsskap i klubben kostar 70 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa våren 2021.
NB! Kun 10 deltakarar på kvar økt – påmelding tilrådd!