Borealis Ung Komponist

lau07mai15:30Borealis Ung KomponistEksperimentell musikk15:30(GMT+00:00)

Om arr.

Gratis konsert med ny eksperimentell musikk frå festivalen Borealis sitt mentorprogram

Fire framstormande komponistar har det siste halvåret delteke på mentorprogrammet Borealis Ung Komponist, og brukt dei ulike kreative bakgrunnane sine til å skapa musikk for vokalensemblet TABULA RASA. Verka vart urframført under Borealis festival for eksperimentell musikk, og kjem no til Kabuso.

Mirsaeed Hosseiny Panah trekk inspirasjon frå gamle minner både frå persisk musikk og landskap, for å skapa ein musikalsk verd full av tekstur, som lev og er forma av munnen til songarane. Karoline Wallace leiker med avstand, både fysisk og tidsmessig. Ho hentar folketonar inn i notida, og strekk lytteferdigheitene våre slik at vi kan høyre både det som er nære, og langt borte. Astrid Solberg bringar inn teknologi når ho utforskar tankar kring kontroll og improvisasjon. Hennar Guitar Hero-inspirerte grafiske partitur gjer vokalensemblet om til ein hybrid – halvt menneske, halvt maskin. Konserten endar med eit verk frå Peder Niilas Tårnesvik som brukar krafta i stemma og elektronikk for å framprovosera ei rekke suggererande lydlandskap, som vekker kjensler av melankoli, tilkallar regn og ein storm av dronelyd. Dei fire komponistane har gjennom åtte månadar fått vegleiing frå mentorane Harpreet Bansal, Camille Norment, Hoan Sara Jr og Øyvind Torvund. Mentorprogrammet skapar høve for nye musikalske verder gjennom kunnskapsoverføring, og gir rom for kollektiv problemløysing og eksperimentering for norske komponistspirar. 

TABULA RASA:
Sigrun Jørdre – sopran 1
Elise Thorgersen Varne – sopran 2
Zsuzsa Zseni – alt
Tord Kalvenes – tenor 1
Arild Rohde – tenor 2
Jakub Adam Niedziela – bass