Benedicte Maurseth Systerspel
sun05mai15:30Benedicte Maurseth SysterspelSesongopning15:30(GMT+00:00)
![Benedicte Maurseth under framsyninga av Systerspel. Ho sit framom eit svært bilete, og held fela på kneet.](https://hardangerogvossmuseum.no/wp-content/uploads/2024/05/avlangt.jpeg)
Om arr.
Sesongopning på Hardanger folkemuseum sundag 5. mai kl 15.30. Me gler oss til å opna for sesongen med utstillinga Systerspel, og konsertframsyninga med same namn! På programet står konsertframsyning med
Om arr.
Sesongopning på Hardanger folkemuseum sundag 5. mai kl 15.30.
Me gler oss til å opna for sesongen med utstillinga Systerspel, og konsertframsyninga med same namn! På programet står konsertframsyning med Benedicte Maurseth, utstillingsopning ved ordførar på Voss, Tonje Såkvitne, og samtale med Ingeleiv Kjerland Kvammen, som har eit langt spelekvinneliv bak seg.
Systerspel
Benedicte Maurseth har laga ei gripande konsertførestilling om kvinnelege felespillarar som forsvann. Kvifor vart dei borte frå kvardag og høgtid, medvit og tanke, skrift og tale? Konserten er ein del av opningsprogrammet for utstillinga Systerspel, ei historisk, personleg og nærgåande musikalsk forteljing om lagnaden til spelekvinna i Noreg frå 1700 -talet og til i dag. Utstillinga fortel om spelekvinner som var blinde og beinlause, som spela i bryllaup og til dans, og som vart både ovundra og hindra i å spela. Førestillinga tek også opp kvifor spelekvinna ei tid forsvann og vart borte, for så å koma attende i tradisjonen, og om korleis finna sin plass som spelekvinne på ny.
Benedicte Maurseth er hardingfelespelar, komponist og forfattar. Ho har turnert som solist både i Noreg og i utlandet, har fleire tingingsverk bak seg, og har skrive musikk for teater og film. Ho har gjeve ut fleire musikkalbum og skrive bøker, artiklar og essay.
Konsertframsyninga Systerspel vart laga til Osafestivalen i 2022, og er basert på boka Maurseth gav ut dette året. Utstillinga står på Hardanger folkemuseum frå 5. mai til 8. september 2024.
Desse står bak Systerspel: Benedicte Maurseth (komposisjon og manusutvikling), Hildegun Riise (regi, manusutvikling). Birk Nygaard (scenografi, lys og videodesign), Mari Kanstad Johnsen (illustrasjon), Kieran Kolle (video), Rune Døli (grafisk design), Jørgen Træen (lydkollasj).
Museum og kafé
Museet opnar kl 11 denne sundagen, og held ope til arrangementet er ferdig. Kafeen i 3. høgda opnar kl 12. Her har med varm lunsj og gode kaker. Hjarteleg velkomne alle.
Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.
Tid
(Sundag) 15:30(GMT+00:00)
Billettar på nett
BilettsalSjå hending på Facebook
Sjekk ut!Program
juli 2024
Arrangementstype
Alle
Aktivitet
Arrangement
Arrangement
For familien
foredrag
Konsert
Kurs
Kurs
Kurs
Omvising
Undervisning
Utstilling
Utstilling
Utstilling
Utstilling
Utstilling
Utstilling
Utstilling
Utstilling
Utstilling
Utstilling
Utstilling
Utstilling
Utstilling
Utstilling
Utstilling
Utstilling
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardanger og Voss museum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Skredhaugen
Storeteigen
Storeteigen
Voss folkemuseum
Voss folkemuseum
Voss folkemuseum