Om oss

Museet skal driva innsamling, bevaring, forsking og formidling tufta på kulturuttrykk frå fortid og samtid.
Gjennom dokumentasjon av variasjon og fellestrekk skal museet vera med på å synleggjera Hardanger og Voss lokalt, regionalt og internasjonalt.

Med utgangspunkt i rolla som samfunnsminne skal museet vera ein open møtestad der alle er velkomne til å studera, oppleva og finna utfordringar.
Museet yt fagleg hjelp i museums- og kulturminnespørsmål til kommunar og frivillige i regionen.

Vårt samfunnsansvar

Våre verdiar

Truverdig

Formidling, forvalting, rådgjeving, restaurering osv. er basert på kunnskap.

Raus

Me deler kunnskapen med kvarandre i organisasjonen og eksternt med omverda.

Engasjert

Me er engasjert i faga våre, i arbeidsplassen og i lokalsamfunnet. Me vil få til noko som betyr noko for oss sjølve og for andre. Me utfordrar etablerte sanningar og er nyskapande.

HVM i tal (2023):

  • 34 utstillingar
  • 100 arrangement (folkemusikkonsertar i juli er ikkje inkludert)
  • 139 kulturhistoriske bygg og fartøy
  • 52 610 gjenstandar
  • 94 785 fotografi
    >>> Sjå utval på Digitalt museum

 

 

Besøkstal

Samla besøk Per 31.12.19 Per 31.12.20 Per 31.12.21 Per 31.12.22 Per 31.12.23 Per 31.12.24 Endring i tal frå 2023 Endring i % frå 2023
Hardanger fartøyvernsenter 20 183 6 855 7 323 17 208 18 860 15 716 - 3 144 -16 %
Hardanger folkemuseum 7 742 3 200 4 327 6 900 7 971 7 205 - 766 - 9%
Agatunet 5 216 3 990 7 491 6 983 6 111 5 842 - 269 - 4%
Skredhaugen 1 551 3 490 1 667 1 203 928 855 - 275 - 8%
Kabuso 8 525 5 323 6 563 10 220 10 673 12 247 1 574 15%
Hardanger Skyspace 461 445 309 497 454 356 - 98 - 21%
Ingebrigt Vik museum 1 293 828 1 064 1 323 1 390 1 710 320 23%
Voss folkemuseum 11 189 4 972 7 308 12 328 11 073 12 389 1 316 11%
Kvam bygdemuseum Storeteigen 2 885 647 1 327 678 604 596 - 8 - 1%
Totalt HVM 59 049 29 752 37 379 57 340 58 064 57 153 - 911 - 2%