jan. 2023

lau28jan(jan 28)00:00sun23apr(apr 23)00:00Rita Marhaug & Terese LongvaUtstilling00:00 - (april 23) 00:00

Om arr.

Årets første hovudutstilling i Kabuso syner verk av Rita Marhaug & Terese Longva. Dei har gjennom ei årrekkje vore opptekne av energi og ressurshandsaminga i kulturen vår og søkt å gje dette poetiske, visuelle uttrykk.

I utstillinga Røynd og kjensle på Kabuso viser dei fram engasjementet sitt og nokre av dei mange paradoksa den einskilde medborgar møter i kvardagen og den uendelege rekkja av verdival som følgjer. Begge kunstnarane nyttar kroppen som uttrykk for ambivalens og dissonans i skildringane sine av makt og avmakt.

Utstillinga er sett saman av video, fotografi, performance og installasjonar.

Støtta av Kunstsentrene i Norge – Regionale prosjektmidlar
Jugendsenteret & KUBE er medprodusent av verket Havland uten kyst

 

Tid

Jan. 28 (Laurdag) 00:00 - April 23 (Sundag) 00:00

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

X