Kurs for unge handverkarar: Frå halvmodell til spant

mån09sep(sep 9)08:00fre13(sep 13)15:00Kurs for unge handverkarar: Frå halvmodell til spant08:00 - 15:00 (13)(GMT+00:00)

hådverker med hørselvern, lue og krøllete hår står bøyd over en buet stokk o merker en annen stokk med blyant.

Om arr.

Innføring i konstruksjon av kravellbygde fartøy ved hjelp av halvmodell. Historikk, teori og praksis. Praktiske oppgåver knytt til oppslag og ferdigstilling av spant i full storleik.

Dette er det tredje kurset i ei rekkje på tre, som tar føre seg ulike tema innan skipstømring og som er spesielt retta mot unge handverkarar som vil øve seg på bruk av tradisjonelle verktøy og arbeidsmåtar. Kursa er uavhengige av kvarandre, men det vert lagt opp til at deltakarar som har vore med før skal få nye utfordringar. Tema for dei to førre kursa var rundholtar (juni 2023) og bjelkelag (november 2023).

Kurset er arrangert av Hardanger fartøyvernsenter med stønad frå DNB-stiftelsen og Riksantikvaren.

Pris: 800 NOK

Billetten inkluderer overnatting, samt frukost, lunsj og middag.

Les mer om kurset her (pdf):

Invitasjon unge handverkarar kurs 3 2024 1

Tid

9 (Måndag) 08:00 - 13 (Fredag) 15:00(GMT+00:00)