The Edvard Grieg International Piano Competition

tys30aug19:00The Edvard Grieg International Piano Competition19:00(GMT+00:00)

Om arr.

Opplev nokre av verdas beste unge pianistar i kammermusikksalen i Kabuso, tysdag 30. august kl 19!

Deltakarar: 
Shigetoshi Ezawa, Japan
Julian Jaeyoung Kim, Sør-Korea
Hoyel Lee, Sør-Korea

Verk av Scarlatti, Mozart, Liszt, Ravel, Skrjabin og Berg

Frå 27. august til 3. september 2022 deltek 30 unge og særs gode pianistar frå heile verda i ”The Edvard Grieg International Piano Competition” i Bergen.
Til årets konkurranse vart 30 utvalde søkarar inviterte for å tevla om første-prisen på 30.000 Euro. Arrangementet er i hovudsak knytt til Troldhaugen og Grieghallen (finalen med Bergen Filharmoniske Orkester), men KODE Edvard Grieg Museum Troldhaugen ynskjer også å leggja til rette for at konkurransen blir eit regionalt samarbeidsprosjekt.

Takka vera god støtte frå Vestland fylkeskommune kan nokre av dei utøvarane som ikkje kjem til finalen få reise til andre delar av fylket, og knyta tettare band til arrangørar i regionen som har gode arenaer for klassisk musikk. Difor vert det mogeleg å høyra pianistane på konsertar i Kabuso i Øystese, i Oseana Kunst & Kultursenter i Os, i Erdal kyrkje på Askøy, i Knarren på Knarvik og i Valestrand Kulturkyrkje i Sveio.
Konkurransen vil slik nå ut til heile regionen, og deltakarane får eit unikt høve til å oppleva eineståande natur og kultur i Bergen og Vestland, og samstundes ta del i den rike musikkarven i regionen.

Konserten er eit samarbeid mellom The International Edvard Grieg Competition og Kunsthuset Kabuso
Hovudsponsor for konkurransen er Stiftelsen Kristian Gerhard Jebsen

Billettar på nett

>>> KJøp