Nyhende frå Hardanger fartøyvernsenter
2. februar inviterer Hardanger fartøyvernsenter til ein uforgløymeleg kveld med mjuke tonar og god mat. Den anerkjente duoen Djønne&Børsheim vil denne kvelden framføra lÃ¥tar frÃ¥ deira nye album «Skyer av perlemor,» med tekstar skrivne av Ruth Lillegraven. Dette vert ei unik konsertoppleving som ein ikkje mÃ¥ gÃ¥ glipp av. I tillegg vil vÃ¥rt eige kjøken servera heimelaga fiskesuppe. Fiskesuppa vert ogsÃ¥ Ã¥ finna pÃ¥ menyen vÃ¥r kvar torsdag i høgsesongen frÃ¥ mai til september.
Me pÃ¥ Hardanger fartøyvernsenter har som mÃ¥l Ã¥ vera eit levande og engasjerande museum og kompetansesenter gjennom heile Ã¥ret. Mellom anna skipar me til større og mindre kurs, og mange av dei har vore suksessar. I fjor arrangerte me fleire fagkurs som var fullteikna, og før jul inviterte me til «Lag deg ein dørkrans-kveld,» som vart møtt med entusiasme og resulterte i to fullbooka kveldar.
Hardanger Fartøyvernsenter ønskjer å tilby varierte og spannande arrangement for heile familien gjennom året. Av det som er planlagt kan me nemna at:
22. februar opnar me dørene i sjøhuskafeen dÃ¥ Eliert Munch Lund kjem og fortel levande om Noregs krigsheltar pÃ¥ sjøen. Â
12. September kjem Bråd Gram Økland frå Bergen sjøfartsmuseum og held foredrag om skeive sjøfolk.  Me kjem også til å skipa til fleire og varierte faglege kurs i dei ulike verkstadane våre, i året som kjem både med segling, smiding og trearbeid.Me har ope heile året og alle er hjarteleg velkomne til å oppleva eit variert spenn både når det gjeld aktivitet og kunnskap både for barn og vaksne. Kaféen er open 10.00-14.00 tysdag til torsdag i lågsesongen, og 10.00-17.00 måndag til sundag i høgsesongen.