200 konsertar i museumstuna i juli

Konsertplakat for folkemusikk

Dei dyktige folkemusikkutøvarane Ingrid Standal Sørheim, Siri Nordgård og Svein Laingen Kjerland skal spela nær 200 konsertar i museumstuna til Hardanger og Voss museum i løpet av juli månad.

Hardingfela.no har i sju år samarbeida med dei ulike avdelingane til Hardanger og Voss museum om folkemusikk-konsertar i juli. Dette gjev fine og lærerike opplevingar både for tilreisande og fastbuande, samt at det er verdfull mengdetrening i formidling for utøvarane.

– Me er så heldige at me har knallgode utøvarar som har takka «ja» til denne sommarjobben fleire år på rad, seier Rannveig Djønne som er dagleg leiar for hardingfela.no. Dei spelar 20 minutts konsertar 3 gonger om dagen i dei ulike tuna.

På Mølstertunet spelar Siri Nordgård frå Vossestrand toradarkonsertar kl. 13, 14 og 15 kvar kvardag. Den fyrste konserten er spesielt laga for born. Siri er akkurat ferdig med sine fyrste to år som student på Ole Bull Akademiet, og ho er ellers særs aktiv som både instruktør og utøvar.

Svein Laingen Kjerland frå Granvin spelar hardingfele og held konsertar på Agatunet kvar laurdag, Skredhaugen på Lofthus kvar sundag og Utne er konsertstaden kvar onsdag, torsdag og fredag. Svein har folkemusikkutdanning frå Rauland og er ein allsidig utøvar og pedagog. No har han flytta heim att til Granvin og skal vera distriksmusikar på hardingfele for Ullensvang kommune i eit års tid.

Ingrid Standal Sørheim er toradarspelar frå Kvam. Ho skal ha base på Fartøyvernsenteret i Norheimsund og spelar også på Storeteigen i Øystese kvar sundag. Ingrid har mellom anna bachelor frå Ole Bull Akademiet og har siste året levd av toradar som pedagog og utøvar. Ho spelar i fleire grupper og til Fartøyvernsenteret tek ho med seg mellom anna sin eigen trio og gruppa Veijr.